Pärnu er ein by og kommune sørvest i Estland ved Austersjøen. Han er ein populær feriestad om sommaren med mange hotel, restaurantar og store strender. Pärnuelva renn gjennom byen.

Historie Pärnu vart grunnlagd i 1251 av Den tyske riddarordenen, som byrja å byggje ein Ordensburg i nærleiken i 1265. Byen, då kjend under det tyske namnet Pernau, var ein del av Hansaen, og var ei viktig isfri hamn for Livland. Kongedømet Polen tok kontroll over byen mellom 1560 og 1617. I 1609 kriga polske og svenske hærar nær byen. Sverige fell kontroll over byen på 1600-talet under Livlandkrigen, men etter Den store nordiske krigen og Nystadfreden i 1721 kom han inn under Russland.

Byen vart ein del av det sjølvstendige Estland etter den første verdskrigen.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pärnu» frå , og «Pärnu» frå den 30. mars 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Estland Kategori:Kommunar i Estland Kategori:Pärnu maakond Kategori:Busetnader grunnlagde på 1200-talet Kategori:Hamnebyar ved Austersjøen