Karikkoselkä er ein innsjø danna i eit nedslagskrater i Petäjävesi i Finland. Karikkoselkä ligg om lag 30 km aust for senteret i Keurusselkä, eit mykje eldre og større krater. Dei fleste innsjøane i området er strekt ut i nordvest-søraust retning på grunn av isbredanning, men Karikkoselkä påfallande rund.
Mange slagkjegler, steinformasjonar som vert danna under det ekstreme trykket i nedslaget, har vorte funne rundt innsjøen. I tillegg har ein aeromagnetiske kart vist ein klag magnetisk anomali i kraterområdet. I tillegg har boreprøvar frå botn av innsjøen stadfesta nedslaget.
Krateret er det minste som er identifisert i Finland, det er 1,4 km i diameter og 150 meter djupt. PÅ grunn av sediment er innsjøen 26 meter på det djupaste, noko som er uvanleg djupt for innsjøar i området. Ein har estimert Karikkoselkä til å vere mellom 230 og 450 millionar år gamal, men sannsynlegvis nær 240 millionar år (trias).
Kjelder
Bakgrunnsstoff Database over nedslagskrater Karikkoselkä sin struktur
Kategori:Innsjøar i Finland Kategori:Krater i Finland