Unionstida i norsk historie er tida frå 1319 til 1905. Unionstida byrja med personalunion som leia opp til Kalmarunionen mellom Noreg, Danmark og Sverige fram til 1523. Deretter var Noreg og Danmark i union som Danmark-Noreg, før Noreg kom i union med Sverige frå 1814 til 1905.
Noreg inn i union Den norske stordomstida var kort og hektisk, og på 1300-talet blei Noreg ramma av ei krise som fekk store økonomiske, politiske og sosiale konsekvensar. Fram til 1380 var Noreg berre ute av union med Sverige eller Danmark i kortare periodar.
I 1319 kom Noreg i personalunion med Sverige under Magnus Eriksson, som er blitt rekna som den første unionskongen. Det var stor misnøye med styret til Magnus, og både norske og svenske stormenn gjorde opprør. Etter Magnus blei dei to sønene hans konger av kvart sitt rike: Håkon av Noreg og Erik Magnusson av Sverige. Håkon blei gift med danske Margrete Valdemarsdotter, som blei den første regenten i Kalmarunionen ettersom sonen Olav Håkonsson var mindreårig. Etter at Olav døydde blei systerdottersonen hennar Erik av Pommern krona til konge av Danmark, Noreg og Sverige.
Sverige gjorde opprør mot unionen i 1520-åra og valde Gustav Vasa til konge. For Noreg kom unionen med Danmark til å vare heilt fram til 1814. Noreg var klart den svakaste parten i unionen. Norsk adel hadde aldri vore økonomisk sterk og var blitt ytterlegare svekka under svartedauden. I tillegg var adelen her i landet inngifta i danske og svenske adelsslekter og hadde derfor oftare skandinaviske interesser å hevde framfor reint nasjonale.
Kjelder
Bibliografi
Kategori:Norsk historie