Margreth Olin Mykløen () er ein norsk filmskapar kjend under namnet Margreth Olin.

Margreth Olin er frå Stranda på Sunnmøre. Ho tok grunnfag i media og massekommunikasjon ved Universitetet i Bergen i 1990 og studerte deretter medie, journalistikk og dokumentarfilm ved Høgskulen i Volda fram til 1994.

Ho er kjend for å ta opp sosialpolitiske tema i filmane sine, og kallar ofte fram sterke kjensler. Ho er mellom anna inspirert av den kontroversielle dokumentarskaparen Frederic Wiseman og skaparen av dogmefilmen, Lars von Trier.

Verkliste I kjærleikens hus, 1995 (om eit mottak for slakteriavfall) Onkel Reidar, 1997 (om onkelen til Margreth Olin, som har Downs syndrom) Dei mjuke hendene (om korleis eldre lever på ein sjukeheim) Fråtseri, kortfilm, del av De 7 dødssyndene, 2000 Kroppen min, 2002 (om tilhøvet til sin eigen kropp) Ungdommens råskap, 2004 (om tilhøva i ein tiandeklasse i ein norsk skule) Lullaby (2006) Engelen (2009) De andre (2012) Cathedrals of Culture (2013) (regisserte episoden om Operahuset i Oslo) Mannen fra Snåsa (2016) Barndom (2017) Fengslet og forlatt (2018) Selvportrett (2020)

Utmerkingar

Margreth Olin var festspelkunstnar på Dei nynorske festspela i 2003.

Prisar

Filmkritikarlagets pris for Onkel Reidar Amanda-prisen og Gullruten for beste dokumentar, Publikumsprisen ved Nordisk Panorama, Beste dokumentarfilm ved Kortfilmfestivalen i Grimstad, Humanistprisen ved Lilla Filmfestivalen i Båstad, og Oslo-prisen av Natt&Dag for Dei mjuke hendene Gullstolen og publikumsprisen frå Filmfestivalen i Grimstad, The prize of the Museum of New Art frå Pärnu filmfestival,dokumentarprisen frå One World Human Rights Festival i Praha, i tillegg Geitprisen for Kroppen min Aamotstatuetten i 2003. Ole Vig-prisen i 2003. Årets Nordmann 2008. Publikumsprisen Dragon Award ved filmfestivalen i Gøteborg for Engelen. Folkets Amanda for Engelen i 2010. De andre, regissert av Olin vann Amandaprisen for beste dokumentar i 2013.

Bakgrunnsstoff Om Margreth Olin på Filmweb

kategori:norske filmregissørar kategori:Folk frå Stranda Kategori:Vinnarar av Amandaprisen