mini|Illustrasjon av den spanske legenda knytt til Peña de los Enamorados. mini|Illustrasjon til den persiske legenda om Rostam. Ei legende (frå (latin legenda, 'det som bør lesast') er ein folkloresjanger som handlar om menneske og som kan oppfattast som å ha skjedd ein gong i historia. Dei kan ha overnaturlege, guddommelege eller fantastiske element. Legender i europeisk tradisjon var opphavleg forteljingar om martyrar og helgenar. I gammal tid vart desse legendene lesne i kyrkjene, og tente til å byggje opp biletet av livet til helgenane og undergjerningar gjort gjennom dei.

Mange legender held til innanfor ei sone av uvisse, der dei verken blir fullt ut trudd av dei som tek del i dei, men samtidig aldri fullstendig avviste. Legender blir nokre gonger skild frå mytar ved at dei har menneske som hovudkarakterar og ikkje nødvendigvis har overnaturleg opphav, og nokre gonger ved at dei kan ha eit visst historisk opphav, medan mytar typisk ikkje har det. Grimm-brørne definerte «legende» som eit «folkeeventyr med historisk grunnlag.»Norbert Krapf, Beneath the Cherry Sapling: Legends from Franconia (New York: Fordham University Press) 1988, devotes his opening section to distinguishing the genre of legend from other narrative forms, such as fairy tale; he "reiterates the Grimms' definition of legend as a folktale historically grounded", according to Hans Sebald's review in German Studies Review 13.2 (mai 1990), s. 312.

Ordsoge og ordforståing

Ordet «legende» stammar frå mellomalderlatin legenda.Oxford English Dictionary, s.v. "legend" I tidleg språkbruk kunne det visa til ei forteljing om ei hending.

I 1613 byrja engelsktalande protestantar å bruke ordet når dei ville understreke at ei hending (særleg historia om ein helgen som ikkje var anerkjend i John Foxe sitt verk Actes and Monuments) var fiktiv. Legenda fekk dermed moderne konnotasjonar av å vera «udokumentert» og «falsk», som skil det i tyding frå chronicle eller krønike.Patrick Collinson. Elizabethans, "Truth and Legend: The Veracity of John Foxe's Book of Martyrs" 2003:151–77, balances the authentic records and rhetorical presentation of Foxe's Acts and Monuments, itself a mighty force of Protestant legend-making. Sherry L. Reames, The Legenda Aurea: a reexamination of its paradoxical history, 1985, examines the "Renaissance verdict" on the Legenda, and its wider influence in skeptical approaches to Catholic hagiography in general.

I 1866 skildra Jacob Grimm folkesoga som «poetisk, legendarisk historisk.»Das Märchen ist poetischer, die Sage, historischer, quoted at the commencement of Tangherlini's survey of legend scholarship (Tangherlini 1990:371) Tidlege lærde som Karl Wehrhan,Wehrhan Die Sage (Leipzig) 1908. Friedrich RankeRanke, "Grundfragen der Volkssagen Forshung", in Leander Petzoldt (ed.), Vergleichende Sagenforschung 1971:1–20, noted by Tangherlini 1990. og Will Erich PeuckertPeuckert, Sagen (Munich: E Schmidt) 1965. følgde dømet til Grimm ved å fokusera berre på det litterære narrativet. Tilnærminga blei vidareutvikla særleg etter 1960-talet,This was stimulated in part, Tangherlini suggests, by the 1962 congress of the International Society for Folk Narrative Research. ved å ta opp spørsmål om prestasjon og dei antropologiske og psykologiske innsyna ein kunne få ved å tenkja på den sosiale konteksten til legendene. Ønsket om å kategorisera legender i ein innhaldsbasert serie kategoriar liknande Aarne-Thompson-systemet for folkeeventyr førte til ei leiting etter ei breiare ny syntese. I eit tidleg forsøk på å definere nokre grunnleggende eigenskapar som var viktige for å kunna granska folkelegender, karakteriserte Friedrich Ranke folkelegenda i 1925 som «ei populær forteljing med objektivt usant fantasifullt innhald». Dette blei sett på som ei nedlatande karakterisering som seinare stort sett blei forlaten.Charles L. Perdue Jt., reviewing Linda Dégh and Andrew Vászony's essay "The crack on the red goblet or truth and the modern legend" in Richard M. Dorson, ed. Folklore in the Modern World, (The Hague: Mouton 1978), in The Journal of American Folklore 93 No. 369 (July–September 1980:367), remarked on Ranke's definition, criticized in the essay, as a "dead issue". A more recent examination of the balance between oral performance and literal truth at work in legends forms Gillian Bennett's chapter "Legend: Performance and Truth" in Gillian Bennett and Paul Smith, eds. Contemporary Legend (Garland) 1996:17–40.

I samanlikning med den høgt strukturerte folkeeventyret er legenda relativt amorf, noko Helmut de Boor peikte på i 1928.de Boor, "Märchenforschung", Zeitschrift für Deutschkunde 42 1928:563–81. Forteljingsinnehaldet i legender er i realistisk modus, heller enn den vittige ironien ein ofte finn i folkeeventyret;Lutz Röhrich, Märchen und Wirklichkeit: Eine volkskundliche Untersuchung (Wiesbaden: Steiner Verlag) 1956:9–26. Wilhelm HeiskeHeiske, "Das Märchen ist poetischer, die Sage, historischer: Versuch einer Kritik", Deutschunterricht14 1962:69–75. peika på likskapen mellom motiv i legender og folkeeventyr og konkluderte med at, til trass på den realistiske modusen, er legender ikkje meir historiske enn eventyra.

I Einleitung in der Geschichtswissenschaft (1928) hevda Ernst Bernheim at ei legende er berre eit langliva rykte.Bernheim, Einleitung in der Geschichtswissenschaft(Berlin: de Gruyter) 1928. Gordon Allport meinte levedyktigheita til nokre rykte låg i den vedvarende kulturelle sinnstilstanden som dei inneheld og innkapslar.Allport, The Psychology of Rumor (New York: Holt, Rinehart) 1947:164. Då Willian Hugh Jansen føreslo at legender som forsvinn raskt var «kortlivde legendar» og dei som varte ved over tid kan kallast «langlivde legender», blei skilnaden mellom legender og rykte effektivt utviska.William Hugh Jansen, "Legend: oral tradition in the modern experience", Folklore Today, A Festschrift for Richard M. Dorson (Bloomington: Indiana University Press) 1972:265–72, noted in Tangherlini 1990:375.

Kristne legender

I avgrensa tyding var legenda i kristendommen ei hagiografisk forteljing, ofte samla i eit legendarium, ei bok som samlar legender godkjende av kyrkja. Ettersom liva til helgenar ofte omfattar mange mirakelsoger kunne «legend» i ei vidare tyding visa til alle typar soge som føregjekk i ein historisk kontekst, men som hadde overnaturlege, guddommelege eller fantastiske element.Literary or Profane Legends . Catholic Encyclopedia.

I norsk tradisjon finst mellom anna mange legender om Olav den heilage og St. Sunniva.

Sjå òg Legendeeventyr

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Legend» frå , den 8. juli 2025.

Kategori:Litteratursjangrar Kategori:Latinske ord og uttrykk