Esterelfjella er ei fjellkjede søraust i Frankrike i departementa Var og Alpes-Maritimes i Provence ved kysten av Middelhavet. Dei næraste byane er Mandelieu og Cannes (i aust) og Saint-Raphaël/Fréjus (i vest).
Jordsmonnet og bergarten i fjellet har vulkansk opphav, og består hovudsakleg av porfyr, som gjev klippene ein raudaktig farge. Terrenget er kupert med djupe kløfter og skogar av eik. Det høgaste punktet i massivet er Mont Vinaigre på 618 meter.
Massivet dekkjer eit areal på 320 km², der 130 km² offisielt er verna under Forêt domaniale de l'estérel. Naturreservatet har mange turstiar for både sykkel og fotturistar.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Massif de l'Esterel» frå , den 16. april 2007.
Bakgrunnsstoff Biletgalleri
Kategori:Fjellkjeder i Frankrike Kategori:Var Kategori:Alpes-Maritimes