Steiermark (slovensk Štajerska) er eit forbundsland (Bundesland) i Austerrike. Hovudstaden er Graz, arealet er 16 400 km² og folketalet om lag 1 250 000. Steiermark ligg søraust i Austerrike, og har grense til Slovenia.
Forvaltning Steiermark omfattar 12 distrikt (Bezirke), som har namn etter administrasjonsseta, og ein såkalla Statuarstadt (Graz): Bruck-Mürzzuschlag Deutschlandsberg Graz-Umgebung Hartberg-Fürstenfeld Leibnitz Leoben Liezen Murau Murtal Südoststeiermark Voitsberg Weiz
Soge Før den første verdskrigen var Steiermark eit hertugdømme underlagt det austerrikske keiserdømmet. Ved oppløysinga av Austerrike-Ungarn i 1918 vart det gamle hertugdømmet delt, og ein stor del av det er i dag del av Slovenia. Det finst òg ein liten slovensk minoritet i den austerrikske delen av Steiermark.
mini|venstre|Kart over Steiermark.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Austerrikske delstatar