Steinkjer kommune (sørsamisk Stïentjen tjïelte) er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar mot Namsos og Overhalla i nord, Snåsa i nordaust og aust, Verdal i sør, og mot Inderøy, Åfjord og Indre Fosen i vest .

Den 1. januar 2020 vart nabokommunen Verran slått sammen med Steinkjer. Ei grensejustering gjorde at grenda Verrabotn vart lagd til Indre Fosen kommune.

Steinkjer er administrasjonssenteret i fylket. Han ligg inst i Trondheimsfjorden og er derfor tilgjengeleg med båt, noko som har gjort handel til og frå byen enkel. I dag går E6 rett gjennom byen. Trønderbanen sluttar her og Nordlandsbanen frå Trondheim går vidare nordover. Bygrensa går i nord ved Sælisvingen og i sør ved Figga.

Steinkjer er ein by som i stor grad er grunnlagt på industri og jordbruk, men han har i det siste òg markert seg som eit senter for IT

Symbolikken bak kommunevåpenet var opphavleg at seks vegar møttest i byen, men det har blitt forandra seinare slik at byen nå er midten av stjerna, mens strålane står for dei seks tettstadene i kommunen: Beitstad, Egge, Kvam, Ogndal, Sparbu og Stod.

Historie mini|høgre|Oversikt over Steinkjer. Steinkjer med småplassane Mære og Egge har vore eit historisk maktsentrum, særleg i norrøn tid og i tidleg mellomalder. Det er gjort fleire viktige arkeologiske funn i området.

Kultur Nokre av dei kulturelle hendingane som blir arrangerte i Steinkjer årleg er Steinkjerfestivalen, Steinkjermartnan, Vikingefestivalen og Risrocken. Elles er Egge museum verd å sjå.

Folk frå Steinkjer Fredrikke Marie Qvam (1843–1938), grunnleggjar av Norske Kvinners Sanitetsforening Otto Sverdrup (1854–1930), polfarar Louise Qvam (1866–1944), lege og kvinnesaksforkjempar Kristofer Uppdal (1878–1961), forfattar Ivar Asbjørn Følling (1888–1973), lege, oppdaga Føllings sykdom Arne Paasche Aasen (1901–1978), forfattar Hilmar Alexandersen (1903–1993), felespelar og komponist Jakob Weidemann (1923-2001), biletkunstnar Mona Juul (f. 1959), ambassadør Silje Nergaard (f. 1966), jazzvokalist Anders Bardal (f. 1982), skihoppar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Steinkjer kommune sine heimesider Steinkjerpuls - Kva skjer i byen? Steinkjer Turistkontor Vikingefestivalen Steinkjer-Avisa Trønderavisa HINT - høgskolen i Nord Trøndelag Historie og kulturlandskap

Kategori:Kommunar i Trøndelag Kategori:Innherad