Majavatn kyrkje, tidlegare Majavatn kapell, var ei kyrkje i Grane kommune i Nordland fylke. Byggverket i tømmer vart oppført i 1915 og utvida med kor og tårn i 1924. Det hadde 80 sitjeplassar. Kyrkja vart bygd med hjelp frå Norsk Finnemisjon, og var lenge ein sentral stad for samemisjonens arbeid i det sørsamiske området. I 1980 overtok Grane kommune kyrkja, og samemisjonen stod for enkelte gudstenester i bygget. Kyrkja er avvigsla, og bygget inngår no i Sjeltie – Sørsamisk kulturpark.Helgelandsguiden: Sjeltie – Samisk kulturparkSjeltie samisk kulturpark (privat Facebook-gruppe)
Kjelder Samemisjonen
Bakgrunnsstoff
Fotnotar
Kategori:Kyrkjer i Grane Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Norske kyrkjer frå 1915 Kategori:Kulturminne i Grane