Vézère (oksitansk Vesera) er ei 211 km lang elv sørvest i Frankrike, og ei av sideelvane til Dordogne frå høgre. Ho har sitt utspring nordvest i Massif Central, og renn sørvestover gjennom følgjande departement og byar:

Corrèze: Pérols-sur-Vézère, Bugeat, Uzerche, Vigeois, Brive-la-Gaillarde Dordogne: Montignac, Terrasson-Lavilledieu, Les Eyzies-de-Tayac-Sireuil, Le Bugue

Ho munnar ut i Dordogne nær Le Bugue. Ei av sideelvane til Vézère er Corrèze.

Vézèredalen er kjend for grottesystemet som ligg her. Desse inneheld mange holemåleri og restar etter menneske. UNESCO sette alle desse på verdsarvlista si i 1979. Av desse finn ein mellom anna Lascaux

Bakgrunnsstoff Verdsarv profil

Vezere Vezere Vezere Vezere