mini|Barrikade under Pariskommunen i 1871. Ein barrikade (av fransk barricade, av barrique, 'tynne') er ei hindring sett opp for å hindra trafikk, verna noko mot åtak utanfrå eller isolera eit område. Ordet vert i dag særleg assosiert med provisoriske festningar ved gateslagsmål mellom ordensmakt og sivile, og i uttrykk som at nokon «står på barrikadane», men òg om provisoriske barrierar til å styra trafikken med.

mini|Barrikade i Rue Soufflot i Paris i 1848. Måleri av Horace Vernet.

Kjelder

Barrikade (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 31. januar 2014.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Trafikk Kategori:Opprør Kategori:Franske ord og uttrykk