Arve Opsahl () var ein norsk skodespelar, songar og komikar som er mest kjend frå rolla som «Egon Olsen» i filmane om Olsenbanden, og sidan 1990-talet frå rolla som Henry i komiserien Mot i brøstet.

Opsahl vart fødd i Oslo som son av smeden Aksel W. Opsahl (1886-1963) og hustrua hans Alvilde (1889-1958). Han debuterte og som skodespelar i 1942, med Scalia revyteater, seinare på Edderkoppen og Chat Noir i ei årrekkje til han i 1967 vart tilsett ved Oslo Nye Teater. Frå 1980 var han frilans med mellom anna oppgåver for Dag Frøland på Chat Noir. Han vart raskt ein av dei leiande kunstnarane i norsk revy.

Han var stjerna i Helsingborgsteatern sin riksturné i 1951, og han har gjestespela fleire gonger i Sverige. I Sverige har han kanskje vorte mest kjend for ein fjernsynssketsj han spela i 1963 der han som norsk sjømann vart fortalt av den overordna: «Pikene i Lisboa har ikke mer enn pikene i Oslo». Til det svara sjømannen: «Nei, men det de har, det har de her i Lisboa».

Songar Det var som songar på grammofon Opsahl slo gjennom fyrst med debutplata Når det kommer en båt med bananer (1945), ein av storseljarane i 40-åra. Han gav ut åtte plater til på Telefunken fram til 1950. Materialet var stort sett originalskrive norsk, signert Henry Skilbred eller Anders Saus. I 1950 gav han også ut revysongane «Gyngene og karusellen» og «Brudeparet» (Alf Hartmann og Frank Ottersen), og duetten «Music Music Music» med Sølvi Wang, og vidare den norske versjonen av «Kokosnøtten» av Erik Diesen («I’ve Got A Lovely Bunch Of Coconuts»). I 1951 spela han inn klassiske sjømannsviser med revytekstar, «Den hundevakta» og «I brenning og vær». I 1960 var han med på to populære EP-plater med NRK-opptak, Babbis Friis Baastad sin barneklassikar Tulutta og Makronelle og Kjell Aukrust sin Flåklypa Radio.

Mange av revyvisene sine song han inn spesielt for LP-plata Arve 25 år frå 1965, der tittelen spelar på skodespelarjubileumet hans. På den finn ein titlane «Det holder det, sa Gundersen», «Konfektgutten», «Statsborgerlige rettigheter», «Kinseyrapporten» og «Nettopp da blir en ny kineser født». Av dei mange «Sint Mann»-monologane hans finst «Veien til sunnhet» på Lyse øyeblikk (1973) og «Den sinte mann» på Jeg har mitt hjerte i Oslo (1979). På Gamle revyviser (1978) framfører han ein ny versjon av «Det holder det, sa Gundersen» ved sidan av «Vigeland» av Einar Rose og «Klonken» av Victor Bernau.

Mest kjend av sjømannsvisene er kanskje «Medisin, medisin med det samme!» (1962) og «Tra-rei-da-di-da-di-dei» (1971). På Syng med Arve Opsahl (1982), kappvitsar han med det svenske motstykket sitt Carl Gustaf Lindstedt på songen «Vitsekrigen» (1979). 75-årsjubileet i 1996 vart markert med utgjevinga av samleplata Jubeljubilaren.

Film og fjernsyn Han debuterte på film i 1949 i Svendsen går videre. Andre filmar han har spela i er mellom andre Operasjon Løvsprett (1962), Hurra for Andersens (1966), revyfilmen Kjære lille Norge (1973). I tillegg har han hatt rolla som Egon Olsen i alle filmane om Olsenbanden som vart innspela frå 1969 til 1999. Opsahl er ein av dei mest engasjerte filmskodespelarane i Noreg, og har bidrege i drygt 40 filmproduksjonar.

På fjernsyn er han mest kjend frå rolla som Henry i den populære komiserien Mot i Brøstet som gjekk på TV 2 på store delar av 90-talet. Han deltok òg i oppfølgjaren Tusenårsfesten som vart utgjeven på video og var meint som ei slags samanslåing av Mot i Brøstet og Karl & Co.

Prisar Leonardstatuetten i 1972. Aamot-statuetten i 1974. Heidersprisen til Amandaprisen i 1991. Heidersprisen i Komiprisen 2002.

Anna Han måtte amputere delar av den eine foten under innspelinga av den siste filmen om Olsenbanden i 1999.

Han byrja som konfektgut på Chat Noir i 1938, men han byrja å utdanne seg til revisor. På studentane si friundervising vart han med i ein teatersirkel, og vart i 1942 hovudpersonen i revyen deira i Folkets Hus.

Han gifta seg med kona Mary både i 1945 og 1954. I mellomtida var han gift med ei svensk kvinne.

Film 1949 - Svendsen går videre 1958 - I slik en natt - Politimann 1960 - Millionær for en aften 1961 - Bussen - Ein måsabjønn 1961 - Oss atomforskere i mellom 1961 - Sønner av Norge - Drabantbyborger 1962 - Operasjon Løvsprett - Bottolph Johansen, bilreparatør 1964 - Blåjackor - Månsson 1964 - Husmorfilmen høsten 1964 1964 - Nydelige nelliker - Slegga 1964 - Operasjon sjøsprøyt - Bottolph Johansen, kokk 1965 - Hjelp - vi får leilighet! - Madsen, vaktmeister 1966 - Hjem går vi ikke 1966 - Hurra for Andersens - Carl Alfred Andersen 1967 - Stompa til sjøs - Båsen 1968 - Smuglere - Karlsen, skipper 1969 - Olsenbanden - Egon Olsen 1969 - Psychedelica Blues - Hans Korsmo 1970 - Olsenbanden og Dynamitt-Harry - Egon Olsen 1970 - Skulle det dukke opp flere lik er det bare å ringe... - Overbetjent Henry Bakker 1971 - Norske byggeklosser - Entreprenør Kleppe 1972 - Olsenbanden tar gull - Egon Olsen 1973 - Kjære lille Norge 1973 - Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amokkkkkk - Egon Olsen 1974 - Bør Børson Jr. - Ohlzén 1974 - Knutsen & Ludvigsen - Konduktøren 1975 - Glade vrinsk 1975 - Olsenbanden møter Kongen & Knekten - Egon Olsen 1975 - Olsenbandens siste bedrifter - Egon Olsen 1976 - Bør Børson II - Ohlzén 1976 - Olsenbanden for full musikk - Egon Olsen 1978 - Olsenbanden & Dynamitt-Harry på sporet - Egon Olsen 1979 - Olsenbanden + Data-Harry sprenger verdensbanken- Egon Olsen 1979 - Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder - Egon Olsen 1981 - Olsenbanden gir seg aldri - Egon Olsen 1982 - Olsenbandens aller siste kupp - Egon Olsen 1984 - ... men Olsenbanden var ikke død! - Egon Olsen 1988 - Folk och rövare i Kamomilla stad - Kjøpmann Berg 1989 - Tidlös kärlek 1990 - En Håndfull tid - Hannibal 1992 - Ute av drift! - Rasmus Lange 1999 - Olsenbandens siste stikk - Egon Olsen

Fjernsyn 1966 - Kontorsjef Tangen (Fjernsynsteater) 1968 - Festival i Venedig - R. N. Fitzmorris, marineoffiser (Fjernsynsteater) 1993 - Mot i brøstet - Henry 1994 - The Julekalender - Good Old Gammel Nok 1999 - Tusenårsfesten - Henry (video) 2000 - Absolutt Mot i Brøstet - Henry (video)

Diskografi 1964 Operasjon Sjøsprøyt (Triola) soundtrack, EP 1965 Arve 25 år (NorDisc) 1965 Sett Sjøbein med Arve Opsahl! (NorDisc) 1972 Kjære lille Norge (Camp) 1979 Vitsekrigen (K-Tel) m/Carl Gustaf Lindstedt 1982 Syng med Arve Opsahl (Studio B) 1996 Jubeljubilaren (Triola) samleplate

Bakgrunnsstoff

Olsenbandens siste stikk (Dagbladet, 1999) Arve Opsahl er død (Dagbladet, 2007)

Kategori:Norske komikarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Olsenbanden Kategori:Fødde i 1921 Kategori:Døde i 2007 Kategori:Vinnarar av Amandaprisen Kategori:Folk frå Oslo