Helleristingsområdet i Alta er ei stor samling helleristingar og hellemåleri i Alta kommune i Finnmark. Det er dokumentert om lag 6000 enkeltfigurar, og det blir stadig oppdaga fleire.UNESCOs verdensarvsenter – Bergkunsten i AltaBergkunsten i Alta – Informasjonsbrosjyre fra Riksantikvaren Helleristingane utgjer hovudmengda av bergkunsten i Alta og er den største samlinga av helleristingar i Nord-Europa laga av jeger- og fangstfolk. Helleristingane er truleg laga i perioden frå om lag 5000 f.Kr. til rundt Kr.f. (år 0). Den største mengda helleristingar finst i dei indre delane av Altafjorden (Kåfjord, Hjemmeluft, Storsteinen og Amtmannsnes). Det er òg funne fleire mindre helleristingsfelt ved Altafjorden, både på Isnestoften på vestsida av fjorden og i Svartskog på austsida av fjorden. Hellemåleri er funne i Transfarelv, Komsa, Kråknes og på Årøya. Hovudmotiva i bergkunsten er dyr av ulike artar, men det finst òg ei rekkje avbildingar av menneske som deltek i dans og rituelle seremoniar, jaktsituasjonar og bruk av reiskapar, i tillegg til båtar.

Helleristingane i Hjemmeluft, Storsteinen, Amtmannsnes og Kåfjord, samt hellemåleria i Transfarelv, blei innskrivne på UNESCO si verdsarvliste 3. desember 1985.

Verdsarvsenter for bergkunst – Alta museum har ansvar for dokumentasjon, skjøtsel og formidling av helleristingsfelta. I Hjemmeluft, der museet ligg, er det bygd eit gangvegsystem som gjer helleristingane lett tilgjengelege. Her blir bergkunsten formidla gjennom skilting, guidehefte, audioguide, guida turar, undervisningsopplegg og utstillingar.

Opphav og datering Helleristingane i Alta blei laga av jeger- og fangstfolk. Forskarane er samde om at dei blei laga på det som på den tida var svaberg i strandsona. Etter kvart heva landet seg, og nye, glatte svaberg kom til syne. Desse blei så tekne i bruk for å lage nye helleristingar. Landhevinga har ført til at dei eldste felta i dag ligg om lag 26,5 meter over havet, medan dei yngste ligg ned mot 8 meter over havet.

Knut Helskog ved Tromsø Museum var den første som daterte og delte helleristingane i Alta inn i ulike kronologiske fasar ved hjelp av høgda over havet og dei ulike stilartane. I boka Samtaler med maktene (2012) opererer han med følgjande seks periodar:Helskog, Knut. 2012. Samtaler med maktene. En historie om verdensarven i Alta. Tromsø Museums Skrifter XXXIII. s.28-29.

Periode I: 5000–4800 f.Kr. Periode II: 4800–4000 f.Kr. Periode III: 4000–2700 f.Kr. Periode IV: 2700–1700 f.Kr. Periode V: 1700 f.Kr.–500 e.Kr. Periode VI: 500 f.Kr.–100 e.Kr.

Jan Magne Gjerde gir helleristingane følgjande dateringar i doktorgradsavhandlinga si frå 2010:Gjerde, Jan Magne. 2010. Rock art and landscapes: studies of Stone Age rock art from northern Fennoscandia . Doktorgradsavhandling, Universitetet i Tromsø.

Fase 1: 5200–4200 f.Kr. Fase 2: 4200–3000 f.Kr. Fase 3: 3000–2000 f.Kr. Fase 4: 1700–1200 f.Kr. Fase 5: 1100–200 f.Kr.

Motiv høyre|mini|Helleristingar av reinsdyr Helleristingane viser ein del av menneska sine trusførestillingar og ritual, og var kanskje element i mytar eller historier. Motiva tyder på at området var ein religiøs møteplass i steinalderen. Gjennom utvalet av dyreliv som er avbilda, fortel kunsten òg om dei naturlege omgjevnadene og ressursgrunnlaget. Den dyrearten som førekjem oftast på felta, er rein, men det finst òg ei rekkje andre artar, som elg, bjørn, hund og ulv, rev, hare, gjæser, ender, svane, skarv, kveite, laks og kval. I tillegg til artane frå dyreriket er menneske og båtar motiv som førekjem ofte i helleristingane i Alta. Det er òg avbilda ulike reiskapar og innretningar for jakt, fangst og fiske, som fangstgjerde for villrein, pil og boge, spyd og fiskesnøre. Ein trur likevel ikkje at alle desse motiva er direkte speglingar av levesettet på den tida. Mellom anna har ein funne beinrestar etter måltid andre stader i Finnmark som stammar frå fiskearter ein ikkje finn att i helleristingane, og omvendt.

Ulike geometriske mønster og elghodestavar finst òg. Typisk for helleristingane i Alta er dei mange store scenene der menneske og dyr deltek i ulike aktivitetar, som jakt, fangst og fiske, dans og ritual.

Oppdaging Når vi snakkar om kva år dei ulike bergkunstlokalitetane i Alta blei oppdaga, meiner vi året dei blei melde inn til styresmaktene. Den første lokaliteten som blei meld inn til Tromsø Museum, var hellemåleria i Transfarelv i 1966. I 1969 blei Pippisteinen kjend. Han hadde kome til syne under pløying nokre tiår tidlegare i nærleiken av Isnestoften på vestsida av Altafjorden. På 1970-talet kom det ei rekkje nye funn i dei indre delane av Altafjorden. Dei første helleristingane i Hjemmeluft blei kjende i juni 1973. Det var Isak Balandin som fann reinsdyr hogde inn i fjellet nedanfor huset til Ole Pedersen på austsida av bukta. Han sat i kveldssola og røykte pipe etter ein fisketur med sonen sin, Tom Isak Balandin. Felta i dette området fekk namnet Ole Pedersen.

Den same veka såg skytebasen Åge Nilssen bergbilete på toppflata til den store steinblokka Storsteinen i Bossekop. Han arbeidde for kommunen med klargjering av eit nytt bustadfelt og kontakta Tromsø Museum, slik at Storsteinen blei redda for ettertida.

Kort tid seinare fann to unge gutar, Roar Kristiansen og Stig Ronald Esjeholm, helleristingar då dei leikte ved Apanes. I 1976 fann Tor Harry Pedersen helleristingar ved heimen sin på Bergheim i Hjemmeluft, og Charles Pedersen oppdaga dei første helleristingane på Apana gard, litt nedanfor Bergheim.

Innanfor verdsarvområda blir det stadig oppdaga fleire felt og figurar. Også helleristingane i Kåfjord og på Amtmannsnes blei oppdaga av privatpersonar på slutten av 1970-talet.

Utanfor verdsarvområda blir det òg gjort nye funn. Alle desse er gjorde etter at bergkunsten i Alta blei teken med på verdsarvlista, og dei er derfor ikkje ein del av verdsarven. Frå 1998 og framover er det funne fleire nye lausblokker med helleristingar på Isnestoften, og det er òg funne helleristingar i Svartskog. Dei første hellemåleria utanom Transfarelv blei funne i Komsa i 2000. Det er òg funne hellemåleri på Kråknes og Årøya.

Verdsarv miniatyr Bergkunsten i Alta blei i 1985 oppført på UNESCO si verdsarvliste etter kulturelt kriterium III, som omfattar stader som «ber eit framifrå, eller i det minste sjeldan, vitnemål om ein kulturell tradisjon eller om ein levande eller utdøydd sivilisasjon». UNESCO trekkjer fram at bergkunsten er eit framifrå vitnemål om ulike sider ved livet, omgjevnadene og aktivitetane til jakt- og sankarsamfunna i Arktis i førhistorisk tid.UNESCOs verdensarvsenter – Bergkunsten i Alta Tilgjenge

thumb|right|Museumsbygningen ved Verdsarvsenter for bergkunst – Alta Museum. Hjemmeluft (nordsamisk Jiepmaluokta, som betyr «Kobbebukta» eller «Selbukta»), om lag 5 km utanfor Alta sentrum, er det største området med helleristingar og det einaste som er lagt til rette for publikum, med eit om lag 3 km langt gangvegsystem. Her finst det rundt 3000 helleristingar.

Verdsarvsenter for bergkunst – Alta Museum, som har ansvar for dokumentasjon, skjøtsel og formidling av helleristingsfelta, ligg i Hjemmeluft. Gangvegsystemet startar ved museet og går forbi helleristingsfelt på begge sider av bukta: Bergbukta, Ole Pedersen og Apana gard. Museet tilbyr guida turar for grupper, i tillegg til guidehefte og/eller audioguide.

I april 2014 lanserte Verdsarvsenter for bergkunst – Alta Museum eit digitalt bergkunstarkiv, altarockart.no. Det er ingen avgrensingar for kven som kan bruke arkivet, sidan arkivet både er meint som eit verktøy for forsking og forvalting og som ein del av formidlinga nasjonalt og internasjonalt. Arkivet skal på sikt innehalde all dokumentasjon av bergkunsten i Alta, som bilete, artiklar, 3D-skanningar og så vidare.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Helleristingsområdet i Alta» frå , den 2. september 2026.

Bakgrunnsstoff Riksantikvaren - Helleristningene i Alta

Kategori:Verdsarv i Noreg Alta Kategori:Turistmål i Alta Kategori:Kultur i Alta Kategori:Kulturminne i Alta