Créteil er ein kommune i dei søraustlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 11,5 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus. Créteil er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Val-de-Marne. Byen har setet for eit romersk-katolsk sokn og ein av 30 nasjonale académies (distrikt) av Ministre de l'Éducation nationale (Nasjonalt utdanningsdepartement). Innbyggjarane i Créteil vert kalkla Cristolien, og sidan 1977 har ordføraren vore Laurent Cathala.
Créteil får vatn frå elva Marne, som renn gjennom byen det siste stykket før ho munnar ut i Seinen ved Charenton-le-Pont. Byen ligg på ei elveslette danna av Marne og Seinen.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Val-de-Marne Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Île-de-France Kategori:Paris