Drancy er ein kommune i dei nordaustlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 10,8 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus og om lag 71 300 innbyggjarar.
Namn Namnet Drancy kjem frå det mellomalderlatinske ordet Derenciacum, og før det Terentiacum, som tyder «eigedomen til Terentius», ein gallo-romersk landeigar.
Uttalen av Drancy er [dʁɑ̃ˈsi] . Innbyggjarane vert på fransk kalla Drancéens..
Historie På 1600-talet vart Drancy delt inn i to eigne landsbyar, Drancy le Grand og Le Petit Drancy. Bydelen Village Parisien er bygd over den gamle grenda Groslay, som var omgjeve av Bondy-skogen, som ein ser igjen i gatenamnet rue des bois de Groslay. Under den andre verdskrigen låg det ein deportasjonsleir i Drancy, der jødar, sigøynarar og andre før dei vart frakta til tyske konsentrasjonsleirar. I 1976 laga skulptøren Shelomo Selinger eit minnesmerke over dei franske jødane som var fengsla i leiren.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Seine-Saint-Denis Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Île-de-France Kategori:Paris