Lorient eller L'Orient, (bretonsk: An Oriant) er ein kommune og hamneby nordvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) departementet Morbihan i Bretagne. Byen har like over 60 000 innbyggjarar, medan storbyområdet etter ei folketeljing i 1999 hadde 186 144 innbyggjarar.

Lorient ligg på sørkysten av Bretagn ved kysten av Atlanterhavet. Elvane Blavet og Scorff munnar ut i Biscayabukta ved Lorient.

Historie På byrjinga av 1600-talet hadde handelsmenn som handla med India oppretta i varehus i Port-Louis. Dei bygde seinare fleire varehus langs bukta i 1628, på staden som vart kjend som L'Orient (orienten på fransk). Det franske austindiske kompani vart grunnlagd her i 1664 og med løyve frå Kong Louis XIV vart det bygd eit skipsverft her, som hjelpte utviklinga av byen.

Det meste av byen vart øydelagd under den andre verdskrigen, og i dag har Lorient ein ariktektonisk stil frå 1950-åra.

Bakgrunnsstoff

Reiseguide for Lorient Festival Interceltique de Lorient

Kategori:Morbihan Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Bretagne