Dale kyrkje står i Dale i Fjaler kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1864.
Den noverande kyrkje er ei tømra langkyrkje i tradisjonell stil. Nygotiske trekyrkjer av denne typen vart det bygd mange av i Noreg i andre halvdel av 1800-talet. Kyrkja vart reist av byggmeister Johannes Arnesson Øvsthus frå Hosanger og ho kosta om lag 5000 spesiedalar. Ein veit ikkje kven som har teikna bygget.Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Dale kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Kyrkja har oppunder 550 sitjeplassar og har vore hovudkyrkja i Fjaler sidan 1894.
Tidlegare kyrkjer Det finst ingen sikre opplysningar om når det første kyrkja vart reist i Dale. Truleg var den første kyrkja ei stavkyrkje. I det historiske dokumentet Bergens Kalvskinn frå kring 1350 er ”Dalskirkue” nemnd. Det var truleg den andre kyrkja i Fjaler. Denne vart riven i 1593 for å gje plass for ei ny kyrkje; ei tjørebreidd, bordkledd tømmerkyrkje, som vart ståande fram til 1863. Denne kyrkja finst det avblildning av. Den kjende landskapsmålaren Anders Askevold har henne med på eit oljemåleri frå Dalsbygda i 1853.
I 1772 vart alle kyrkjene i prestegjeldet selde på auksjon og kom i privat eige, men i 1860 gav konsul Jansen kyrkja til Dale kyrkjelyd utan vederlag. Då denne kyrkja vart for lita og dessutan var i dårleg stand, vart ho riven i 1863 og den nye kyrkja stod ferdig året etter. Døypefonten, ei gammal altertavle som heng på skrå oppe i koret og kyrkjeklokkene som no er i Dale kyrkje er frå eldre kyrkjer. Elles er ei kyrkjedør frå mellomalderen i samlinga ved Bergen Museum. Det er òg er ein preikestol frå 1620, medan ein messehakel frå 1650 er teken vare på i Kunstindustrimuseet i Oslo.
Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane
Kjelder Om Dale kyrkje på nettstaden til Fjaler kyrkjelege fellesråd «Dale kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Fjaler kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen/Digitalarkivet Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversikt over gravminne i Fjaler kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Fjaler Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Johannes Øvsthus Kategori:Kulturminne i Fjaler Kategori:1864 i Noreg