Commercy er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture i departementet Meuse i Grand Est. Kommunen har om lag 6 000 innbyggjarar og ligg ved elva Meuse. mini|venstre|Madeleinekaker frå Commercy. mini|venstre|Parti frå gata Rue des Juifs. Mest kjend, i alle fall i Frankrike, er byen for å vere opphav til madeleinekakene, som Marcel Proust skriv om i A la recherche du temps perdu (norsk utgåve: På sporet av den tapte tid).
På 1700-talet var Château de Commercy residens for den polske kongen Stanisław Leszczyński, som fekk hertugdøma Lorraine og Bar etter han mista krona i 1736.
Bakgrunnsstoff
Soga om Commercy og om madeleinekakene på internettsidene til turistkontoret i byen.
Kategori:Meuse Kategori:Byar i Grand Est