Château-Chinon (Ville) er ein landsby og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Nièvre i regionen Bourgogne. Byen har om lag 2 500 innbyggjarar.

Historie Château-Chinon (Ville) har ei lang historie. Heilt tilbake til 700-talet eksisterte det ei borg med riddarar frå Chinon. På 1100- og 1200-talet vart det bygd massive bymurar rundt byen. Som vassallar for hertugane i Burgund måtte riddarane av Chinon i mellomalderen levere material og honningprodukt til hoffet i Dijon. Ludvig XIII drog bort frå byen på byrjinga av 1600-talet og gav borga til ein av rådgjevarane sine. Byen vart først viktig igjen på 1900-talet då den seinare franske presidenten François Mitterrand var ordførar her frå 1959 til 1981.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nièvre Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Bourgogne-Franche-Comté