Monte Roraima, òg kjent som Cerro Roraima, Pico do Roraima eller berre Roraima, er verdas høgste tepui, platåfjell, med eit toppunkt på 2 810 moh. og ei gjennomsnittleg platåhøgd på 2 500 moh. Roraima ligg på grensa mellom Venezuela, Brasil og Guyana. Det er det høgste punktet i Guyana medan både Venezuela og Brasil har andre fjell som er høgare.
Roraima er eit platåfjell av sandstein som stig opp av eit landskap med skog og savanne. Det er eit av fleire tepuiar i Canaima nasjonalpark i Venezuela og Roraima utgjer eit hjørnepunkt i sørvest for omrisset av nasjonalparken. Desse platåfjella i parkområdet er sett på som nokre av dei eldste geologiske formasjonane ein finn på jorda. Dei er datert til prekambrium, geologar trur tepuiar oppstod for ca. to milliardar år sidan. I heile Gran Sabana i Venezuela finst det 97 slike platåfjell.
Fjellsidene rundt Roraima er steile og bratte, men det finst ei rute opp til platået frå venezuelansk side som ikkje krev klatring og som er mykje brukt av turistar med utgangspunkt frå byen Paratepui.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Monte Roraima» frå , den 20. mai 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fjell i Venezuela Kategori:Fjell i Brasil Kategori:Fjell i Guyana Kategori:Høgaste punkt Kategori:Tepuiar Kategori:Platå i Sør-Amerika Kategori:Den brasiliansk-venezuelanske grensa Kategori:Den brasiliansk-guyanske grensa Kategori:Den guyansk-venezuelanske grensa Kategori:Internasjonale fjell i Sør-Amerika Kategori:Trelandsgrenser Kategori:Verneområde i Roraima