Parthenay er ein by og kommune vest i Frankrike med om lag 10 000 innbyggjarar. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Deux-Sèvres i regionen Nouvelle-Aquitaine.

Historie Segna skal ha det til at Parthenay vart danna då alven Melusine svinga tryllestaven sin. Ein sving i elva Thouet vart busett med festingsverk på 1000-talet. Ei stor borg vart bygd her på 1100-talet.

Herrane i byen bygde nonnekloster og kyrkjer, og gav mykje land og store pengesummar til kyrkja. Dei best bevarte minnesmerka frå denne tida ligg i utkanten av dagens by. Langs vegen til Niort kan ein sjå Priorinneklosteret St. Pierre.

Kategori:Deux-Sèvres Kategori:Byar i Nouvelle-Aquitaine