For elva med same namn, sjå elva Drôme

Drôme er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Rhône-Alpes, og er kalla opp etter elva med same namn.

Historie Drôme er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna av den tidlegare provinsen Dauphiné.

Geografi Departementet er i dag ein del av regionen Rhône-Alpes og grensar til departementa Ardèche, Isère, Hautes-Alpes, Alpes-Maritimes, Alpes-de-Haute-Provence og Vaucluse.

Grensene til departementet har vorte endra fleire gonger. Første gong var då Comtat Venaissin vart innlemma i 1792 og den andre då departementet Vaucluse vart oppretta i 1793. Vacluse har ein enklave, Kantonet Valréas (Enclave des Papes), som er omgjeve av Drôme.

Demografi Innbyggjarane i departementet vert kalla drômois.

Største byar Valence: 66 568 Romans-sur-Isère: 33 665 Montélimar: 32 896 Nyons: 6 731

Økonomi Drôme er ein av industrisektorane i Frankrike som veks raskast. Han er svært allsidig, og inkluderer plastikkproduksjon, stort maskineri, innpakking, næringsmiddelindustri og høgteknologi.

Det økonomiske hjarte i departementet ligg i vest, ved sida av Rhône.

Bakgrunnsstoff

Prefekturet si nettside Offisiell nettside Turistguide for Drôme Turistside Drômedalen Bilete av Drôme

Kategori:Franske departement