Ambert er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Puy-de-Dôme i regionen Auvergne-Rhône-Alpes og har om lag 7 000 innbyggjarar.
Ambert ligg ved elva Dore, ei av sideelvane til Allier.
Ambert er kjend for osten fourme-d'Ambert og papirfabrikkane.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Puy-de-Dôme Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Auvergne-Rhône-Alpes