Villefranche-sur-Saône (Velafranche på frankoprovensalsk) er ein by og kommune aust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Rhône i regionen Auvergne-Rhône-Alpes, og har om lag 30 000 innbyggjarar. Byen ligg 1,5 km vest for elva Saône. Innbyggjarane i byen vert på fransk kalla Caladoise(s) (kvinner) og Caladois (menn).

Dei populære franske songarane Coralie Clément og Benjamin Biolay var fødd i Villefranche-sur-Saône.

Historie Villefranche-sur-Saône vart grunnlagd i 1212 av Guichard IV, greve av Beaujeu og vart på 1300-talet hovudstad i provinsen Beaujolais. Han vart omleira tre gonger på 1400- og 1500-talet. Bymurane vart rive ned tidleg på 1800-talet.

Økonomi Av industri i byen finn ein vinproduksjon, metallurgi, tekstilar og kjemikaliar.

Kategori:Departementet Rhône Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Auvergne-Rhône-Alpes