mini|Darß si plassering i Mecklenburg-Vorpommern mini|venstre|Fyret Darßer Ort mini|Vestkysten av Darß Darß er ei øy sør i Austersjøen i Mecklenburg-Vorpommern i Tyskland, som opphavleg var ein del av ei halvøy.

Det fullenamnet er Fischland-Darß-Zingst, for dette var dei tre områda som utgjorde halvøya. Darß vart opphavleg nytta som namn på ein stor skog som framleis ligg her. I nyare tid har Darß òg vore nytta for heile halvøya.

Øya ligg i Landkreis Nordvorpommern. Mellom halvøya og fastlandet ligg det ein svært grunn lagune (plattysk: Bodden), som er ein del av Vorpommersche Boddenlandschaft nasjonalpark, i lag med heile halvøya. Halvøya er om lag 45 km lang.

Darß er kjend som stoppestad for titusenvis av trekkfuglar som trane og gås. Turisme har lenge vore hovudnæringa her og har auka etter gjenforeininga av Tyskland, men likevel er ikkje Darß den staden som trekker til seg flest turistar.

Bakgrunnsstoff

Turistside om Darß

Kjelde

Kategori:Øyar i Tyskland Kategori:Øyar i Austersjøen