Clayton Zane () er ein australsk tidlegare fotballspelar. Den siste klubb hans var R.S.C. Anderlecht. Han la opp i 2005 etter å ha vore skada i to år.
Zane var framleis relativt ukjend då han kom til det norske fotballaget Molde FK i 2000. Etter ikkje å ha skora eit einaste mål på 14 kampar vart han seld til Lillestrøm SK. I den første sesongen hans for Lillestrøm vart han toppskorar i Tippeligaen med 17 mål og vart kåra til årets spelar nokon veker seinare. Han vart i 2002 seld til den belgiske fotballklubben R.S.C. Anderlecht.
Zane representerte Australia i Confederations Cup 2001 og er best hugsa for å ha skora det einaste målet i sigeren over Frankrike i gruppespelet. Han skora også eit hat-trick for Australia i ein kamp mot Cookøyane i juni 2000. Zane var medlem av troppen som representerte Australia i Sommar-OL 2000 i Sydney. Han er no (2007) fotballtrenar på ein lokal skule i London i Storbritannia.
Karriere som spelar KlubbKampar*Mål*PeriodeMeisterskapNewcastle Breakers70171997-1999Northern Spirit3031999-2000Molde FK1402000Lillestrøm SK29182001-2002R.S.C. Anderlecht1022002-2005 Berre seriekampar
Kategori:Australske fotballspelarar Kategori:Molde-spelarar Kategori:Lillestrøm-spelarar Kategori:Anderlecht-spelarar