Tegernsee er ein innsjø i Bayer-alpane i Bayern i Tyskland. Innsjøen er ein populær feriestad i om lag 50 km sør for München. Fleire småelvar renn ut i Tegernsee frå eit tilsigsområde som dekkjer 212 km². Det einaste utsiget er elva Mangfall ved landsbyen Gmund. I sør av innsjøen ligg det to større bukter og den einaste øya i Tegernsee kalla Ringsee-Insel. Tegernsee er 6,5 km lang og på det breiaste 1,4 km, og utgjer eit areal på nesten 9 km². På det djupaste er innsjøen litt over 70 meter, og vasspegelen ligg 725 meter over havet.

Av byar langs innsjøen finn ein Tegernsee, Bad Wiessee, Gmund og Rottach-Egern.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tegernsee (See)» frå , den 3. juni 2007.

Tegernsee Tegernsee