mini|Det vert dyrka vindruer i sida på Drachenfels. Drachenfels («Drakefjellet») er eit fjell i Siebengebirge nær Bonn i Tyskland. Slottsruinane som ligg på toppen har same namn. Det finst òg eit anna slott, som vart restaurert i 2003, litt lenger ned Rhinen med namn Schloss Drachenburg.

Ei tysk segn fortel at Siegfried, helten frå Nibelungenlied, drap ein drake (tysk: Drachen), som budde i ei grotte i fjellet. Etter å ha bada i blodet til draken vart han usårleg.

Ein fjelljernbane går frå Königswinter til toppen av Drachenfels.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Drachenfels (Siebengebirge)» frå , den 4. juni 2007.

Bakgrunnsstoff

Offisiell side Informasjon om Drachenfels Bigarden Honighäuschen ved Drachenfels

Kategori:Fjell i Tyskland Kategori:Nordrhein-Westfalen