Hönne er ei elv nord i Sauerland i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, og ei av sideelvane til Ruhr frå venstre. Ho har sitt utspring vest for Neuenrade i ei høgd 437 meter over havet. Etter 33 km munnar elva ut nær byen Fröndenberg. Det totale nedslagsfeltet til elva er 262 km².Gewässerstrukturgüte in Nordrhein-Westfalen 2005, s. 52

Verdt å merke seg er den smale dalen mellom Balve og Menden, der Hönne har grave ut eit 60 meter djup gjel i kalksteinen. Det ligg fleire grotter i dalen, der Balver Höhle og Reckenhöhle er opne for turistar. Når vassnivået i elva er lågt kan enkelte delar av ho verte heilt tørrlagt, sidan vatnet trenger ned i karstfjellet. Enkelte av sideelvane til Hönne vert òg stundom tørrlagde.

Grotter Det har vorte danna fleire grotter langs Hönne. Den største ligg ved Balve, der ein har funne spor etter menneske, i tillegg til spor av kannibalisme.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hönne» frå , den 7. juni 2007.

Kategori:Elvar i Tyskland Kategori:Nordrhein-Westfalen Kategori:Karstområde