Herne er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 160 000 innbyggjarar. Byen ligg i Ruhrområdet ved elva Emscher midt mellom byane Bochum og Gelsenkirchen.

Som dei fleste andre byar i området var Herne ein liten landsby fram til 1800-talet. Då kolbrytinga og produksjon av stål oppstod i området vart landsbyane i Ruhr-området byar.

mini|venstre|Utsyon over byen.

Herne i dag inneheld dei tidlegare separate busetnadane Herne, Wanne og Eickel. Gardane med desse namna vart grunnlagd på 1000- og 1100-talet. I 1860 opna den første kolgruva, og dei neste tjue åra vart folketalet tjuedobla og Herne vart ein by. Den same utviklinga hadde Wanne og Eickel, som i 1926 vart slått saman til den nye byen Wanne-Eickel. I 1975 vart Wanne-Eickel, som då var ein by med over 70 000 innbyggjarar, slått saman med Herne.

Det vert halde eit marknad kalla Cranger Kirmes i bydelen Crange kvart år i august. Det er det tredje største marknaden i Tyskland med om lag 3,5 millionar vitjande. Ein kan spore dette markedet tilbake til 1400-talet då bønder starta å handle hestar.

Av kjende personar frå byen finn ein Jürgen von Manger, Kurt Edelhagen, Jürgen Marcus, Heinz Rühmann, Tana Schanzara og Jan Zweyer.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Herne, Germany» frå , den 18. juni 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Tyskland Kategori:Byar i Nordrhein-Westfalen