Neuwied er ein by i Tyskland i delstaten Rheinland-Pfalz med om lag 65 000 innbyggjarar. Byen ligg der elva Wied munnar ut i Rhinen ved den høgre breidda til Rhinen, 12 km nordvest for Koblenz, på jernbanelinja frå Frankfurt am Main til Köln.
Neuwied vart grunnlagd av grev Fredrik av Wied i 1653, nær landsbyen Langendorf, som vart øydelagd under trettiårskrigen. Sidan byen tok imot alle mogelege religiøse samfunn voks han raskt. Mellom anna søkte det herrnhutiske brorskapet tilflukt i byen.
Nær Neuwid har ein grav ut ein av dei største romerske festningane (castra) langs Rhinen.
I april 1797 slo den franske generalen Louis Lazare Hoche austerrikarane nær Neuwied, noko som var den første avgjerande suksessen i den franske revolusjonskrigen. Neuwied var heimbyen til Vilhelm av Wied, som ei kort tid i 1914 var konge av Albania.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Neuwied» frå , den 21. juni 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Tyskland Kategori:Byar i Rheinland-Pfalz