Fylkesveg 8850 i Finnmark går mellom Hesseng og Nyrud i Sør-Varanger kommune.
Vegen tar av frå E6 ved Hesseng og går forbi Sandnes og Bjørnevatn sørover i Pasvikdalen til Nyrud. Vegen er 97,6 km lang. Vegen er asfaltert, bortsett frå dei sørlegaste 5 km som er grusveg.https://www.vegvesen.no/vegkart
Sidan 1930-talet har det eksistert planar på å forlenge vegen frå Nyrud og sørover, forbi treriksrøysa på Krokfjell og vidare til Nellim i Finland. Den såkalla Mellomriksvegen er framleis under administrativ og politisk behandling, og det blei lagt fram ei konsekvensutreiing med kostnadsoverslag i 2006.http://www.nina.no/archive/nina/PppBasePdf/rapport/2006/104.pdf Konsekvensutredning deltema naturmiljøhttp://www.nina.no/archive/nina/PppBasePdf/rapport/2006/105.pdf Konsekvensutredning deltema reindrift I 2020 avgjorde regjeringa at prosjektet skulle leggjast på is, og at fylket måtte betala for ein slik veg.Vei til Finland lagt på is
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trøddde i kraft fekk han status som fylkesveg. Fram til 2019 hadde vegen nemniinga fylkesveg 885, og var ein primær skilta fylkesveg. Samtidig som vegen fekk nytt nummer blei fylkesveg 357 og fylkesveg 362 i Finnmark del av vegen. Hovudstrekninga (den opphavlege Fv885) er framleis primær fylkesveg. Vegen blir ikkje lenger skilta med nummer.https://www.google.se/maps/@69.6869206,29.9861858,3a,60y,230.61h,90.87t/data=!3m6!1e1!3m4!1s3FJCvFozPXOtokBuLvmjWg!2e0!7i16384!8i8192
Kommunar og knutepunkt
Hesseng frå Sandnes til Langfjorden (1,2 km) Arm frå Vierdalen til Bjørnevatn (1,4 km) Arm frå Skillebekk til Svanvik (1,1 km) frå Bekkevoll via Skrotnes til Stenbakk (10,5 km) Stenbakk frå Nyrud til Nyrud gård (0,8 km) Øvre Pasvik nasjonalpark
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Primære fylkesvegar Kategori:Fylkesvegar i Finnmark Kategori:Vegar i Sør-Varanger