Kvinnherad kommune er ein norsk kommune i Sunnhordland i Vestland fylke. Hovuddelen av kommunen ligg på søraustsida av Hardangerfjorden, på den sørvestlege delen av Folgefonnhalvøya. Ein flik, dei to bygdene Ølve og Hatlestrand, ligg på vestsida av Hardangerfjorden. Elles omfattar kommunen fleire større og mindre øyar, mellom anna Varaldsøy i nord, og Halsnøy, Fjelbergøy og Borgundøy i sør.
Kommunen er den nest største i Sunnhordland, med eit forholdsvis stabilt folketal på 13 256 (2013).
Den største tettstaden er Husnes, som er hovudsenter for industri, handel og utdanning. Her ligg hjørnesteinsbedrifta Hydro Husnes AS (tidlegare Søral, Sør-Norge Aluminium AS), eit større butikksenter og Kvinnherad vidaregåande skule. Husnes båthamn er fleire år på rad kåra til den mest populære båthamna i landet.
Administrasjonssenteret Rosendal er eit kjent og populært turistmål. Dei største attraksjonane her er Baroniet Rosendal, som i dag er museum med ei rekkje kulturaktivitetar i turistsesongen, og den storslåtte fjellnaturen, som dannar innfallsporten til Folgefonna nasjonalpark.
Halsnøy er ein særmerkt del av kommunen. Viktigaste senteret er Sæbøvik, medan ruinane på Halsnøy Kloster er det fremste av mange historiske minnesmerke. Like ved ligg Sunnhordland Folkehøgskule.
Geografi mini|250px|Hattebergselva i Rosendal med Melderskin i bakgrunnen. mini|250px|Halsnøy med Hardangerfjorden i bakgrunnen. Den delen av kommunen som ligg aust for Hardangerfjorden, ofte kalla «Fastlands-Kvinnherad», grensar i nord mot Jondal kommune og i aust mot Odda og Etne kommunar. I sør utgjer Åkrafjorden og Skånevikfjorden grensa mot kommunane lenger sør. Den delen som ligg på vestsida av Hardangerfjorden, grensar i nord mot Kvam kommune, og i vest mot Fusa kommune. Lukksund dannar grensa mot Tysnes kommune. På vestsida av Hardangerfjorden ligg elles Stord kommune som næraste nabo.
Kommunen har eit samla flatemål på 1137 km². Største øya er Varaldsøy med eit flatemål på 45,4 km². Vidare følgjer Halsnøy med eit flatemål på 38,0 km², Borgundøy på 11,1 km², Snilstveitøy på 6,6 km² og Fjelbergøy på 4,6 km².
Den indre delen av Kvinnherad («Indre luten» på folkemunne) er prega av eit vilt og mektig hardangerlandskap som strekkjer seg frå Folgefonna, Noregs tredje største isbre, og ut mot Hardangerfjorden. Fjellsidene er bratte, og endar somme stader i grøderike u-dalar, andre stader direkte i fjorden. Fleire vassdrag har sitt utspring oppe under breen og dannar imponerande fossar.
I den ytre delen av kommunen («Ytre luten» på folkemunne) overtar sunnhordlandslandskapet. Fjella er lågare, landskapet opnare og meir småkupert. Her finn ein eit mylder av idylliske vågar, sund og øyar.
På vestsida av Hardangerfjorden og på det meste av øyane finn ein eit småkupert og fruktbart skiferland med innslag av kalkrike bergarter. Her veks det mykje skog, mellom anna barlind og kristtorn. Berggrunnen på Folgefonnhalvøya er for det meste gabbro og granitt, men ytterst på halvøya er det innslag av skifer.
Det høgaste punktet i kommunen er ein topp på 1662 moh. på Folgefonna. Mellom dei høgste fjella elles er: Gygrastolen (1350 moh.) Melderskin (1426 moh.) Veranut (1222 moh.) Blådalshorga (1302 moh.) Englefjell (1200 moh.) Ulvenåsa (1247 moh.).
Kommunen har mange populære lakseelvar: Øyreselva, Austrepollelva, Bondhuselva, Æneselva, Melselva, Hattebergselva, Guddalselva, Blåelva, Omvikdalselva og Uskedalselva. Elles kan ein fiska etter laks og aure i utløpskanalen i Austrepollen, i utløpet frå kraftverket i Matre og i Furebergsfossen.
Arbeids- og næringsliv mini|250px|Husnesområdet med Sør-Norge Aluminium AS. Næringslivet har tradisjonelt hatt sterk tilknyting til sjøen, med fiske, fiskeforedling og skipsbygging. Dei største verksemdene innan skipsbygging i dag er Umoe Scat Harding på Seimsfoss, Eide Marine Services i Høylandsbygd, Eidsvik skipsbyggeri i Uskedalen og Hellesøy Verft på Løfallstrand. Mange verksemder produserer elles utstyr og tenester for oljeindustrien.
Ei nyare næring knytt til sjøen er fiskeoppdrett. Langs Kvinnherad si lange sjøline er det etablert ei rekkje anlegg som driv med smoltproduksjon og oppdrett av laks. I lokala til den gamle hermetikkfabrikken på Sunde driv i dag eit av dei største lakseslakteria i fylket, Vikingfjord AS.
Også jordbruk og skogbruk har lange tradisjonar i Kvinnherad og er framleis viktige næringar.
Kvinnherad er ein stor produsent av vasskraft. Kraftstasjonane som ligg i Matre og blir drivne av Sunnhordland Kraftlag med hovudkontor på Stord. Og Mauranger kraftstasjon som drivne av Statkraft. To selskap distribuerer kraft, kommuneeigde Kvinnherad Energi i Dimmelsvik og medlemseigde Fjelberg Kraftlag med kontor på Sæbøvik.
Rikeleg og rimeleg vasskraft var avgjerande då Sør-Norge Aluminium AS på Husnes vart skipa i 1962. På Husnes var det i tillegg ledige areal og ein arbeidsstokk med lange industritradisjonar. Verket vart sett i drift hausten 1965, og etter dette voks folketalet i kommunen sterkt i ein periode. Mange nye verksemder starta opp som underleverandørar for aluminiumsbedrifta.
I dag er det tenesteytande næringar som aukar mest. Handelsnæringa på Husnes har hatt ein eksplosiv vekst. I 2009 opna Husnes Storsenter, som blir rekna som det største handelssenteret i Sunnhordland. På Husnes finst det elles fleire verksemder som yt tenester innan jus, arkitektur og prosjektering. Turistnæringa har hatt ei sterk utvikling. Rosendal er fremste turistmagneten, men elles er denne næringa viktig i mange delar av kommunen.
Fleire offentlege institusjonar i Kvinnherad utgjer viktige arbeidsplassar. Mellom dei større er Valen sjukehus, som er statleg eigd og ein del av Helse Fonna. Fylkeseigde Kvinnherad vidaregåande skule på Husnes er også ein av dei større arbeidsplassane. Det same gjeld den kommunale administrasjonen, som i hovudsak er lokalisert til Rådhuset i Rosendal. Viktige kommunale arbeidsplassar er også barnehagar, grunnskular og ungdomsskular, som i Kvinnherad har ein svært desentralisert struktur. Kvinnherad lensmannkontor hadde tidlegare hovudkontoret i Rosendal, men etablerte seg i 2010 i nye lokale på Husnes. På Husnes ligg også NAV-kontoret.
Tettstader og bygder Kommunen har etter Statistisk sentralbyrå sin reknemåte åtte tettstader, størst er Husnes med 2254 innbyggjarar. På andreplassen følgjer Sunde og Valen som Statistisk sentralbyrå reknar som ein samanhengande tettstad (2061 innbyggjarar). Vidare følgjer Rosendal (928 innbyggjarar), Sæbøvik (830 innbyggjarar), Uskedal (735 innbyggjarar), Herøysund (420 innbyggjarar), Seimsfoss (362 innbyggjarar) og Dimmelsvik (231 innbyggjarar). (Alle tal frå 2009).
Dei fleste tettstadene i kommunen syner ein sterk vekst, trass i at samla folketal er nokolunde stabilt. T.d. voks innbyggjartalet på Husnes frå 1516 innbyggjarar i 1999 til dagens tal på 2254.
Kvinnheringar er likevel i like stor grad knytte til bygder som tettstader. Bygdene er stort sett det same som dei tradisjonelle skulekrinsane.
+ Folketal i skulekrinsane (bygdene)Tala er publiserte i "Kvinnheringen" 20. januar 2014. 1990 2000 2010 2013 Ølve 464 483 429 435 Hatlestrand 442 433 391 418 Trå (Varaldsøy) 327 277 220 213 Mauranger 342 292 287 252 Løfallstrand 245 234 168 167 Malmanger (Rosendal) 1028 1105 1112 1064 Seglem (Seimsfoss) 414 392 345 351 Omvikdalen 752 716 699 763 Uskedalen 991 972 1025 1047 Bringedalsbygda 622 597 579 623 Husnes 2340 2412 2409 2655 Sunde 1057 1199 1147 1199 Valen 853 957 1016 1096 Skarveland (Sandvoll) 496 470 420 424 Holmedal (Utåker) 232 195 184 190 Matre 112 91 73 83 Baugstranda 82 57 48 38 Åkra 202 185 188 174 Sætre (Halsnøy Kloster) 693 687 700 715 Tofte (Sæbøvik) 756 797 689 740 Hauge (Høylandsbygd) 449 417 367 372 Fatland 105 95 88 99 Brekke (Fjelbergøy/Borgundøy) 140 126 105 119 Uoppgitt bustad 3 1 485 19 Sum 13143 13192 13174 13256
Politikk Kvinnherad kommunestyre består av 35 representantar. Formannskapet har 9 medlemmer.
Ordførarar i Kvinnherad 1995–2003: Aksel Kloster (Arbeidarpartiet) 2003–2007: Bjarne Berge (Tverrpolitisk samlingsliste) 2007–2015: Synnøve Solbakken (Arbeidarpartiet) 2015–2019: Peder Sjo Slettebø (Høgre) 2019–2021: Hans Inge Myrvold (Senterpartiet) 2021–: Hilde Enstad (Arbeidarpartiet)
Kultur mini|250px|Baroniet Rosendal med den vidgjetne rosehagen i framgrunnen. Kulturaktiviteten er stor og mangslungen året rundt. Dei mange festivalane samlar store mengder folk både lokalt og utanfrå, med Rosendal Musikkfestival, Rosendal Mat & Kunstfestival, Festidalen i Uskedalen og Kvinnherad kulturfestival på Husnes som høgdepunkt.
Baroniet Rosendal har høgt aktivitetsnivå i turistsesongen med konsertar, kunstutstillingar, foredrag og teaterframsyningar ved sida av omvisningar på museet. Også Halsnøy Kloster skipar til konsertar, kunstutstillingar og andre aktivitetar. På Husnes ligg offisersbustaden Undarheim gard frå 1824. Den er kjøpt og restaurert av Sør-Norge Aluminium AS, og her blir det skipa til utstillingar, konsertar og seminar om ulike emne.
Galleri Guddal i Rosendal har jamlege kunstutstillingar av lokale og nasjonale kunstnarar.
Aviser Kvinnherad har to konkurrerande lokalaviser, Kvinnheringen med hovudkontor på Husnes og Grenda med hovudkontor i Rosendal. Begge blir redigerte på nynorsk. Kvinnheringen kjem ut måndag, onsdag og fredag og hadde i 2009 eit nettoopplag på 4502 aviser. Grenda kjem ut tysdag, torsdag og laurdag. Nettoopplaget i 2009 var på 2515 aviser. Begge er først og fremst papiraviser, men dei har også nettutgåver. Det er særleg Kvinnheringen som har satsa på nettutgåva. Andre regionale aviser med stoff frå Kvinnherad er Bergens Tidende, Bladet Sunnhordland, Haugesunds Avis og Hardanger Folkeblad.
Samferdsle thumb|left|Kvinnherad er framleis svært avhengig av sjøvegs transport. Vi ser snøggbåten på veg inn til Sunde. Midt i biletet til venstre ser vi litt av Halsnøy, der ferjestøet Ranavik ligg. Bak Halsnøy ser vi Stord med trafikk-knutepunktet Leirvik, og heilt bakerst ruvar fjellet Siggjo på Bømlo.
Kvinnherad var, med unnatak av Ølve og Hatlestrand, fram til for nokre år sidan heilt avhengig av båt- og ferjesamband til omverda. Då Folgefonntunnelen mot Odda vart opna i 2001, fekk storparten av kommunen fastlandssamband mot aust og nord. Folgefonntunnelen er ein del av riksveg 551 mellom Austrepollen i Kvinnherad og Eitrheim i Odda. Den er 11 137 meter lang og er Noregs tredje lengste vegtunnel.
I mars 2008 vart Halsnøy knytt til fastlandet med ein undersjøisk tunnel til Sunde. Halsnøytunnelen er ein del av riksveg 544, er 4120 meter lang og når 135,5 meter under havet.
Hausten 2009 starta bygginga av den 10 400 meter lange Jondalstunnelen mellom Nordrepollen i Kvinnherad og Torsnes i Jondal. Denne tunnelen er ein del av fylkesveg 107 og vil saman med Folgefonntunnelen knyta saman dei tre kommunane Kvinnherad, Odda og Jondal. Jondalstunnelen er planlagt ferdig i 2012.
Trass i desse store tunnelprosjekta er kommunen framleis avhengig av ferjesamband mot vest og sør. Frå Årsnes går det ferje til Varaldsøy og Gjermundshamn, som begge ligg innanfor Kvinnherad kommune. Frå Ranavik på Halsnøy går det ferje til Skjersholmane på Stord. I sør går det ferje frå Utåker og Matre til Skånevik i Etne. Øyane Fjelbergøy og Borgundøy har ferjesamband til Utbjoa i Vindafjord, Sydnes på Halsnøy og til Skjersholmane på Stord.
Det er snøggbåtsamband mellom Rosendal og Bergen og mellom Sunde, Ranavik og Leirvik. På kvardagar er det også snøggbåtsamband mellom Fjelbergøy, Borgundøy og Leirvik. Frå Leirvik går det snøggbåt vidare nordover mot Bergen og sørover mot Haugesund. På somme avgangar er Kystbussen eit alternativ til snøggbåten.
Dialekt og skriftspråk
Kvinnheradsdialekten, eller kvinnhersmålet, har nokre drag som er felles med andre dialektar på Sørvestlandet, nokre berre med dialektane i Sunnhordland, og nokre er spesielle for Kvinnherad. Dialekten er eit utprega a-mål med a-endingar i infinitiv (å bera) og ei rekkje andre ordformer