Sjå òg fylkesveg 82 (fleirtyding) Fylkesveg 82 (Fv82) er ein veg som går mellom Fiskebøl og Andenes.

Vegen kryssar Hadselfjorden med ferje og følgjer sør- og austsida av Hadseløya frå Melbu til Stokmarknes. Vidare på bruer til Langøya og langs austsida av Langøya til Sortland. Der går vegen over Sortlandsbrua til Strand på Hinnøya, og går nordover langs vestsida av Hinnøya til Andøybrua. Frå Risøyhamn går vegen langs austsida av Andøya. Mellom Skarstein og Andenes går vegen inn på øya. Vegstrekninga over Kjølhågen mellom Skarstein og Andenes er særs utsett for sterk vind, og vegen vert stengd når vinden er for sterk.

Strekninga mellom Fiskebøl og Strand i Sortland var ein del av europaveg 10 fram til Fastlandssambandet til Lofoten vart opna 1. desember 2007.

Strekninga på europaveg 10 mellom Å og Melbu fekk status som Nasjonal turistveg Lofoten 6. september 2007. Ferjesambandet Fiskebøl - Melbu er framleis ein del av turistvegen etter at Fastlandssambandet til Lofoten opna.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunkt

Endepunkt Andenes → Ferje til Gryllefjord (2 turar/dag, berre sommarstid, 2 timar) Arm til (0,3 km) frå Tofta via Bleik og Nordmela til Å (43,6 km) Einletvatnet Kjølhågen, vegen vert stengd ved sterk vind frå Skarstein via Fiskenes til Einletvatnet (8,1 km) Dverberg Å frå Risøybukta via Bjørnskinn og Vågraet til Nordmela (24,3 km) Risøybukta via Risøyhamn til Risøybukta (2,5 km) → Hurtigruta, biler kan takast med. Andøybrua (750 m) frå Dragnes til Lovika (3,7 km) Forfjord

Maurnes frå Leirbogen til Røykenes i Godfjorden (22,1 km) Kvalsaukan bru (425 m) Strand Sortlandsbrua (948 m) Sortland, felles trasé med over Sortlandsbrua Sortland → Hurtigruta, biler kan takast med.

til (0,6 km) frå Bitterstad til Frøskeland i Sortland kommune (45,2 km) Hadselbrua (1011 m) Børøybrua (326 m) frå Stokmarknes til Melbu (26,1 km) → Hurtigruta, biler kan takast med. Melbu Ferje frå Melbu (1-2 turar/time, 25 min.) til Fiskebøl frå Fiskebøl til Jordneset i Vågan kommune (46,9 km) Fiskebøl, endepunkt Lofast

Bakgrunnsstoff

Ferjeruter i Nordland

Kategori:Primære fylkesvegar Kategori:Fylkesvegar i Nordland Kategori:Ferjesamband i Nordland Kategori:Nasjonale turistvegar Kategori:Vegar i Hadsel Kategori:Vegar i Sortland Kategori:Vegar i Andøy