Spirits Bay er ei havbukt som ligg heilt nord på halvøya Aupouri Peninsula på nordspissen av Nordøya på New Zealand i regionen Northland.
I den vestre enden av bukta ligg Cape Reinga, som er staden der — ifølgje māoriske mytologiske legender — sjelene til dei døde forlet landet på reisa si til tilværet etter døden.
Bukta er tolv km brei, og er ei av to bukter (den andre er Tom Bowling Bay) i den korte kystlinja som markerer nordspissen til Nordøya.
Kategori:Bukter på New Zealand