Riksveg 827 (Rv827) går mellom Sommarset i Tysfjord og Sætran i Ballangen. Vegen (utanom ferjestrekninga) er 39,1 km lang.

Vegen tar av frå E6 ved Sommarset og går austover til Drag, med ferje over Tysfjorden til Kjøpsvik og vidare mot nordaust til Efjorden og nordover langs vestsida av Forsahavet til Sætran der han møter E6 igjen.

Riksveg 827 er eit alternativ til E6 via Ulvsvåg. Riksveg 827 har ein litt lengre ferjestrekning enn E6, men er til gjengjeld 12 km kortare, og manglar bakkene ved Ulvsvågskaret og Skjellesvikskaret.

Historie Vegen mellom Sommarset og Drag vart bygd mellom 1935 og 1939. Ferjesambandet Drag-Kjøpsvik-Skarberget vart sett i drift 2. desember 1968. Anløpet på Skarberget vart nedlagt då vegen mellom Kjøpsvik og Sætran vart opna i 1992. Vegen gav Kjøpsvik ferjefritt vegsamband til Narvik.

Kommunar og knutepunkt

Sommerset frå Drag til Helland kai (5,5 km) Ferje frå Drag til Kjøpsvik (10 turar/dag, 45 min.) frå Kjøpsvik til Hundholmen (8,3 km)

Kjøpsviktunnelen (784 m) Brattlitunnelen (3606 m) Neppviktunnelen (979 m) Tømmeråstunnelen (561 m) Stetind Stetindtunnelen (2730 m) Efjordtunnelen (1622 m) frå Stefjordbotn

til Kistbotn Sætran

Kjelder Erling Svanberg: Langs vei og lei i Nordland - Samferdsel gjennom 3000 år. Nordland fylkeskommune, Bodø 1990. ISBN 82-7416-021-5 Artikkel av Tore Kristoffersen i Bladet Vesterålen 11. januar 2007: Nord-Ferjer AS - historie og seilinger

Bakgrunnsstoff

Ferjeruter Drag - Kjøpsvik Ferjeruter Kjøpsvik - Drag

Kategori:Riksvegar Kategori:Vegar i Nordland Kategori:Ferjesamband i Nordland Kategori:Vegar i Hamarøy Kategori:Vegar i Narvik