Reykjavík er hovudstaden og den største byen på Island. Byen ligg på halvøya Seltjarnarnes inst i Faxaflói, i golde omgjevnader med utsyn til fjella kringom. Byen er økonomisk og kulturelt senter i landet.
Midt i Reykjavík ligg den vesle sjøen Tjörnin som bruker å vera delvis isfri vinterstid grunna det varme vatnet. I det nordvestre hjørnet ligg rådhuset i byen som vart reist 1992. I nærområdet ligg Alþingi som vart bygd i 1881 og domkyrkja frå 1800-talet. Busetnaden er tidvis usamanhengande og utgjer for det meste småhus i tillegg til blokker, som oftast er bygde i betong. Dei fleste husa vert varma opp med varmt vatn frå varme kjelder. På ei høgd sørvest for sentrum ligg Hallgrímskirkja, den største kyrkja på Island. Like føre kyrkja er det eit monument av Leiv Eiriksson som er ei gåve frå USA.
Folkesetnad Folketalet i Reykjavík i 2012 var 118 814 (58 839 menn og 59 875 kvinner). 203 594 menneske bur i hovudstaden med forstadene (Höfuðborgarsvæðið). I området kring byen ligg desse kommunane: Álftanes: 2 419 Garðabær: 11 283 Hafnarfjörður: 26 486 Kópavogur: 31 205 Mosfellsbær: 8 854 Seltjarnarnes: 4 313 Kjósarhreppur: 220
Historiske folketal: 1801: 600 1860: 1 450 1901: 6 321 1910: 11 449 1920: 17 450 1930: 28 052 1940: 38 308 1950: 55 980 1960: 72 407 1970: 81 693 1980: 83 766 1985: 89 868 1990: 97 569 1995: 104 258 2003: 113 387 2007: 117 721
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar på Island Kategori:Hovudstader i Europa Kategori:Europeiske kulturhovudstader
Kategori:Stader frå norrøn tid