Sokndal er ein kommune heilt sør i Rogaland fylke, i Dalane. Kommunen grensar mot Vest-Agder fylke. Kommunen grensar i vest mot Eigersund, i nord mot Lund, og i søraust mot Flekkefjord. Den einaste offisielle tettstaden i kommunen er Hauge i Dalane med . Sokndal kommune er elles kjend for strandstaden Sogndalsstrand og Jøssingfjord. Jøssingfjord er opphav til omgrepet jøssing, som dukka opp i Noreg under andre verdskrigen.

Sokndal kommune er Noreg sin fyrste medlemskommune av rørsla Cittaslow. Rørsla legg vekt på at ein skal ta vare på lokale særdrag. Eit hovudmål er å betra livskvalitet og skapa identitet til kommunen og staden.

Hjørnesteinsføretaket er Titania A/S som hentar ut titanmalm frå eit dagbrot. Titania er ein av dei største produsentane i verda av ilmenitt (jerntitanoksid).

Folketalsutvikling Folketalsutvikling for noverande Sokndal kommune frå 1900: 1900 "Hjemmehørende folkemengde Rogaland 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 7. oktober 2010 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Sokndal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 2968ab 2811ab 2728ab 3127ab 3234a 3578a 3480 3440 3453 3354 3285 a Talet omfattar eit område som var del av Sokndal kommune fram til 1947, då det vart overført til Eigersund kommune. Dette området hadde då 7 innbyggjarar. a Talet omfattar ikkje garden Tjørn, som var del av Eigersund kommune fram til 1967, då han vart overført til Sokndal kommune, med eit innbyggjartal på 10 personar.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Sokndal kommune Cittaslow.no - det gode liv i Sokndal

Kategori:Kommunar i Rogaland