Kåre Kivijärvi () var ein norsk fotograf frå Hammerfest, kjend som den første fotografen på Haustutstillinga (1971). Etter å ha arbeidd for Vest-Finnmark Arbeiderblad ei tid (1956-), vart han av Halvor Brox anbefalt å studera med Otto Steinert som læremeister. Han studerte i Saarbrücken (1958-60). Frå 1962 arbeidde han i den finske avisa Helsingin Sanomat og tidsskriftet Viikkosanomat. Han er mest kjend for dokumentariske seriar frå læstadianarane i indre Billefjord (1962), frå Bakhtapur i Nepal, frå India og Afghanistan, frå inuit-liv på aust-Grønland (1966) og fiskarliv i Barentshavet. Kivijärvi var av finsk innvandrarslekt, og hadde nær tilknyting til Finland og til kvenene.

Han døydde på Kypros i 1991.

Bakgrunnsstoff Knut Erik Jensen sin kortfilm: Jeg er uten forbilder (1990) Eli Høydalsnes si bok: Stillhetens land. Kåre Kivijärvi - fotografier (forlaget Bonytt, 2001). Ingrid Norum, "Kåre Kivijärvi og Robert A. Robinson. Fotografier fra 1950- og 1960-tallets Nord-Norge", i Anne Aaserud (red.), Nordnorske bilder og bildet av Nord-Norge, Tromsø, 2002, s. 121-135. Hanne Hammer Stien, hovudoppgåve om Kåre Kivijärvi, Universitetet i Tromsø, 2004? Peter Larsen og Sigrid Lien: Norsk fotohistorie : frå daguerreotypi til digitalisering, Oslo 2007 ISBN 978-82-521-6291-2 Utdjupande artikkel om Kivijärvi i NBL, skriven av Øivind Storm Bjerke.

Kategori:Norske fotografar Kategori:Folk frå Hammerfest