Salamína (gresk Σαλαμίνα, i antikken Σαλαμίς, Salamís) er den største av Dei saroniske øyane i Saroniabukta i Hellas, om lag 2 km utanfor Pireus. Øya er ein kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí.

Paloúkia er den største hamna, den nest største i Hellas etter Pireus. Namnet «Salamis» kjem sannsynlegvis frå Salam (chalam), som tyder 'fred' eller 'ro' og som vart nemnd av Homer. Ho kan òg ha vore kalla opp etter mor til Kykreos. Kykreos var den første kongen på øya.

Historie mini|venstre|Kart over Slaget ved Salamína.

Salamína er kjend for slaget ved Salamis, og skal i følgje gresk mytologi vere fødestaden til Ajax og Euripides, som visstnok vart fødd same dag som slaget ved Salamis. I moderne tider har ho vore hovudkvarter for den greske marinen. Hamna vart bomba av tyske Luftwaffe i 1941, som sokk dei greske slagskipa «Kilkis» og «Lemnos».

Folketalet auka etter den andre verdskrigen og den greske borgarkrigen, men forstadshus kom først seinare i 1970-åra. Byområdet voks på 1980- og 1990-talet til dei sentrale og vestlege delane av øya, medan det vart bygd luksusbustader i nord, i vest og i sør.

Administrativ inndeling mini|venstre|Den tidlegare kommunen Salamína, no kommunaleininga Salamína Heile øya er i dag ein kommune etter at ein i 2011 slo saman dei tidlegare kommunane Salamína Ambelákia Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 37 220 innbyggjarar, medan kommunaleininga Salamína hadde 30 235 og tettstaden med same namn 24 537 innbyggjarar.

Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Salamína Salamína 25 370 24 537 Ambelákia Ambelákia 4 710 4 530 Eándio Salamína 4 860 4 390 Selínia Ambelákia 2 509 2 376 Stenó Ambelákia 198 239

Dei andre busetnadene på øya er:

Småøyar i kommunen: Ájos Jeórjios (0) Arpidóni (0) Léros (0) Makrónisos (0) Megáli Kýra (0) Mikrí Kýra (0) Revythoúsa (0) Gaidoúri (0) Kanákia (0) Péra (0) Peristéria (0) Trínisa (0) Atalándi (0)

Referansar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Salamis Island» frå , den 24. juli 2007.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside

Salamina Salamina Salamina Salamina Salamina