Pipéri (gresk Πιπέρι) er ei øy i Hellas i øygruppa Dei nordlege Sporadane. Ho er den austlegaste av småøyane kring Alónnisos og er administrativt ein del av kommunen Alónnisos. Etter ei folketeljing i 2021 hadde øya 6 innbyggjarar.Folketeljing 2021

Dei næraste øyane er Joúra i vest og Psathoúra i nordvest.

Pipéri er verna og all ferdsel nær øya er forbode. Årsaka til dette er for å verne om selbestanden i området i tillegg til fuglane som hekkar her. Pipéri er omgjeve av bratte klipper og vegetasjonen er hovudsakleg dominert av furuskog, men det er òg noko kristtorn. I alt er det 33 fugleartar på øya og om lag 350-400 par av eleonorafalk.

Kjelder

Nasjonal marin naturpark sone A

Denne artikkelen bygger på «Piperi, Greece» frå , den 27. juli 2007.

Bakgrunnsstoff Pipéri på GTP sine reisesider

Kategori:Sporadane Kategori:Byar og tettstader i periferieininga Sporadane