thumb|Ola Bremnes, Linda Lillevik og Dagfinn Bakke ved lanseringa av boka og plata Fly med!, ei gjenfortelling av sagnet om skarvane frå Utrøst, september 2014 Ola Bremnes () er ein norsk musikar, forfattar og trubadur. Med melodien Mi pia, din gutt sette han ny rekord på Norsktoppen med plassering 95 veker på rad.

Bakgrunn Ola Bremnes er fødd i Svolvær, og han er son til Ole H. Bremnes. Ola Bremnes bur på Bremnes i Kvæfjord i Troms. Han er eldstebroren til musikarane Kari Bremnes og Lars Bremnes.

Han har arbeidd mykje med Petter Dass, blant anna i oppsettinga Vær hilset! (1995) som har vore framført på ei rekke festivalar. Verket Reysetøy var bestillingsverk til Festspillene i Nord-Norge 2001.

Ola Bremnes gav i 2007 ut barneboka Trøbbel i trapesen, illustrert av Odd Henning Skyllingstad.

3. april 2019 opna Ola Bremnes utstilling Olas alfabet i Galleri Nord-Norge i Harstad med 174 eigenproduserte bilde. Ola har òg i fleire år illustrert bøkene til Jens Brekke frå Vik i Sogn.

Diskografi 1980 (2015) – Folk i husan, platedebuten til Kari Bremnes og Ola Bremnes. "13 sanger, innspilt i Arne Bendiksen Studio, Oslo og utgitt på Triola i 1980." (Ny utgåve:) Arne Bendiksen, 2015. 1984 – Mitt navn er Petter Dass med Kari Bremnes, tekstar av Petter Dass og musikk ved Sigvald Tveit, Pro Musica 1992 – Ord fra en fjord, med søskena Kari og Lars Bremnes, tekstar av Ole H. Bremnes, Spinner Records 1980 (1993) – Folk i husan, med Kari, Arne Bendiksen Records (ny utgåve 1993) 1993 – Der trollbåra bryt, nordnorske eventyr lese av Karl Erik Harr, Grappa 1995 – Vær hilset!, med Bodø Domkor, med komponist Bjørn Andor Drage, og musikarane Håvard Lund, Susanne Lundeng, Børge Petersen-Øverleir, Terje Venaas og Finn Sletten. Grappa 1997 (1993) – Så lenge scootern kan gå, barnesongar frå førestillinga med Rikskonsertane 1993, med bl.a. Jan Gunnar Hoff, Grappa, 1997 1998 – Vi som bygger skip, i høve 100-årsjubileet til Kaarbø-verkstaden i Harstad i 1995. Arrangement ved Bjørn Andor Drage. Euridice turn left 1999 – Soløye med søskena Kari og Lars Bremnes, Kirkelig Kulturverksted. Dei vann Spellemannprisen 2000 i klassen viser og viserock for denne plata. Melodien Mi pia, din gutt sette ny rekord på Norsktoppen med 95 veker på rad. 2003 – Livstegn, soloplate, Spinner Records. 2006 – Gudene vet, soloplate, Spell Musikk 2010 – Hav av tid, soloplate, Spell Musikk 2013 – I det blå, Spell Musikk 2015 – Molo, Spell Musikk 2017 – Petters Poetiske Pulver, Spell Musikk 2018 – Fly Med, med Linda Lillevik, Spell Musikk

Bibliografi 1983 – Nu vil vi legge ut, salmer/sanger/viser, Nordnorsk forlag 1997 – Jubel og sang, salmer/sanger/viser, Cappelen. 2001 – Kirkemellom, bildebok, Godstrek 2007 – Trøbbel i trapesen, barnebok, Gyldendal

Prisar og utmerkingar 1980 – Nominert til Spellemannprisen 1980 i klassen viser for Folk i husan (med Kari Bremnes) 1994 – Blixprisen 1997 – Nordland fylkes kulturpris (med ([Kari Bremnes|Kari]] og Lars Bremnes) 1999 – Kvæfjord kommunes kulturpris (med Synnøve Olsen og Doris Markussen) 2000 – Spellemannprisen 2000 i klassen viser og viserock for Soløye (med Kari og Lars Bremnes) 2004 – Nordlysprisen 2004 – Nominert til Spellemannprisen 2004 i klassen "viser" for Livstegn 2006 – Kardemommestipendiet (med Ulf Risnes) 2006 – Nominert til Spellemannprisen 2006 i klassen ""viser" for Gudene vet 2009 – Prøysenprisen (med Lars Bremnes) 2016 – Gammleng-prisen i klassen "viser"

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Ola Bremnes» frå , den 1. august 2007.

Bakgrunnsstoff olabremnes.no

Kategori:Norske musikarar Kategori:Folk frå Vågan Kategori:Vinnarar av Blixprisen kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Vinnarar av Prøysenprisen Kategori:Vinnarar av Gammleng-prisen