Spyker F1 var eit nederlandsk formel 1-lag som vart oppretta i 2006 ved oppkjøpet av det kortliva formel 1-laget Midland F1 Racing. Spyker F1 deltok heile 2007 sesongen med sine oransje formelbilar, før laget vart seld for 88 millionar euro og skifta namn til Force India F1.

Bakgrunn Sjølv om laget vart oppretta i 2006, kan røtene åt laget sporast tilbake til 1991 då Jordan Grand Prix vart oppretta av forretningsmannen Eddie Jordan. Midland gruppa kjøpte i 2005 opp det britiske laget og fasilitetane ved Silverstone og gjekk sesongen 2006 som Midland F1 før laget vart kjøpt opp av nederlandske Spyker Cars N.V. ved slutten av sesongen.

Oppkjøpet av Midland F1 mini|Det nye Spyker MF1-utsjånaden, rett etter oppkjøpet frå Midland. Det hadde spreidd seg rykte internt midt i formel 1-sesongen, om det moglege salet av Midland-laget, mindre enn to år etter at kanadiske forretningsmannen Alex Schnaider hadde kjøpt det frå Eddie Jordan. Så vart det kjend at Spyker hadde betalt 106,6 millionar dollar for laget Schnaider hadde kjøpt for rundt halvparten. Formel 1-lag var no meir verdt, ettersom 12 av 12 plassar var fylt frå og med 2008-sesongen, slik at ingen fleire lag kunne takast med.

Namnebyte er ikkje tillate midt i sesongen, men Spyker kunne lovleg bli ny hovudsponsor for dei tre siste løpa som var igjen av 2006 sesongen. Laget køyrte med Spyker MF1 racing som offisielt namn, før namnebytet til Spyker F1 for 2007-sesongen.

2007-sesongen mini|Christijan Albers ved USA Grand Prix Spyker F1 køyrde 2007 sesongen med motorar frå Ferrari og dekk frå Bridgestone. Toyota motorane som Midland hadde nytta, gjekk såleis til Williams-stallen.

Spyker F1 stallen bestod opphavleg av tyske Adrian Sutil og nederlandske Christijan Albers, men manglande sponsorpengar gjorde at Christijan Albers vart løyst frå kontrakten med Spyker. Albers vart erstatta av reserve-/testsjåførane Markus Winkelhock ved Europa Grand Prix, og Sakon Yamamoto for resten av 2007 sesongen.

Ved Japan Grand Prix fekk Spyker F1 sitt einaste poeng denne sesongen, då Sutil fullførte til ein niande plass, men hoppa ein plass lenger opp, då det seindare vart kjend at Vitantonio Liuzzi hadde køyrd forbi Sutil ved runde 55, medan det gule flagget var oppe.

Den 14. august gjorde Spyker Cars det kjend at ein ville selje heile eller delar av formel 1-laget, som ein naudsynt refinasieringsplan.

Resultatliste År Chassis motor dekk sjåførar 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 Poeng WCC 2007 Spyker F8-VIISpyker F8-VIIB Ferrari V8 AUS MAL BHR SPA MON CAN USA FRA GBR EUR HUN TUR ITA BEL JPN CHN BRA 1 10th Adrian Sutil 17 Ret 15 13 Ret Ret 14 17 Ret Ret 17 21 19 14 8 Ret Ret Christijan Albers Ret Ret 14 14 19 Ret 15 Ret 15 Markus Winkelhock Ret Sakon Yamamoto Ret 20 20 17 12 17 Ret

Referansar

Bakgrunnsstoff

Den offisielle heimesida til Spyker F1 Offisiell Spyker F1 fanside Spyker F1 fanside

Kategori:Formel 1-konstruktørar Kategori:Spyker Cars