Lysmakhíasjøen (gresk Λίμνη Λυσιμαχίας, Límni Lysimakhías), òg kalla Lisimakhiasjøen, Lysimahiasjøen eller Lisimahiasjøen er ein innsjø vest for Agrínio. Elva Akhelóos rann tidlegare ut i innsjøen, men via eit kunstig løp renn ho no aust for innsjøen. Lysmakhíasjøen har eit areal på 13,2 km², han er 17 km lang og har eit djup på om lag 9 meter. Aust for innsjøen ligg ein annan innsjø på Den store etoliske sletta, Trikhonídasjøen, som har eit rikt økosystem. Frå innsjøen kan ein sjå byen Agrínio i nordaust.

I eldre tider var desse to innsjøane ein innsjø. Vatnet frå innsjøen renn ut i elva Dímikos og vidare ut i Akhelóos. Den næraste innsjøen er Ozeróssjøen i sør.

Kjelde Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lake Lysimachia frå Engelsk Wikipedia, som igjen er ei omsetjing av den greske utgåva av artikkelen.

Lysmakhiasjøen Lysmakhiasjøen