Venstre er eit liberalt politisk parti i Noreg. Partiet var med i regjeringa Solberg. Partiet er det eldste i Noreg, og vart grunnlagt i 1884.
Venstre er medlem av Den liberale internasjonale og det Europeiske Liberaldemokratiske- og Reformpartiet.
Partiet har vore i borgarlege koalisjonsregjeringar og i sentrumskoalisjonar.
Leiaren for partiet har sidan september 2020 vore Guri Melby. Parlamentarisk leiar er Terje Breivik.
Ideologi Partiet sin ideologi framhevar fridom for individet, kombinert med eit sosialt ansvar. Sidan tidleg på 1970-talet har miljøvern vore den politiske hovudsaka til partiet. I dei siste valkampane har Venstre fokusert på miljøvern og tilhøva for små og mellomstore bedrifter. Venstre går òg inn for friare arbeidsinnvandring, avskaffing av statskyrkja, ein flatare skatt og større lokalt sjølvstyre. På landsmøtet i 2005 vedtok partiet med minst mogleg margin å framleis vera motstandar av norsk medlemskap i EU. I staden går Venstre inn for framhald av EØS-avtalen.
Organisasjon
Ungdomsfylkinga til partiet heiter Unge Venstre. Knytt til partiet er òg ei kvinnefylking, Venstrekvinnelaget, og eit studentlag, Liberale Studentar.
Historie Venstre vart danna i 1884 som eit resultat av striden om innføring av parlamentarisme i Noreg. Venstre vart danna av dei politiske kreftene som gjekk inn for parlamentarisme, i motsetnad til Høgre, som var dei kreftene som gjekk imot. Då kampen for parlamentarismen var vunnen vart leiaren av Venstre, Johan Sverdrup, den fyrste norske statsministeren som vart utpeika på grunnlag av å ha fleirtalet i Stortinget bak seg. Men den breie koalisjonen som Venstre i realiteten var heldt ikkje saman lenge. I 1888 braut store delar av partiet, som var assosierte med lekmannskristne rørsler og leidde av predikanten Lars Oftedal, ut og danna Moderate Venstre.
I perioden frå 1884 til mellomkrigstida bytte Venstre og Høgre på å ha regjeringsmakta i landet. Venstre gjekk i denne tida inn for mellom anna ålmenn røysterett for menn, som vart oppnådd i 1898, oppløysing av unionen med Sverige, som skjedde i 1905, og ålmenn røysterett for kvinner, som vart gjennomført i 1913. Venstre har hatt seks statsministrar, den siste var Johan Ludwig Mowinckel, som gjekk av frå sin tredje og siste periode som statsminister i 1935.
Med Arbeidarpartiet sin vekst miste Venstre gradvis røyster i arbeidarklassa. Tidleg på 1900-talet miste partiet òg den mest konservative fløya til Samlingspartiet og Frisindede Venstre. Stortingsvalet i 1915 var det siste der Venstre, under Gunnar Knudsen, vart det største partiet, og vann reint fleirtal på Sitortinget. Venstre vart ytterlegare svekt med danninga av Bondepartiet i 1920. Sjølv om Bondepartiet ikkje var eit reint utbrytarparti frå Venstre, tok partiet brorparten av veljarane sine frå tidlegare Venstre-veljarar. I 1933 vart òg utbrytarpartiet Kristeleg Folkeparti danna etter nominasjonsstrid i Venstre i Hordaland. Då dette vart eit landsdekkjande parti etter andre verdskrigen gjekk det ytterlegare ut over Venstre sin oppslutnad.
Etter den andre verdskrigen
Venstre var lenge skeptisk til å ta del i forpliktande samarbeid med Høgre, men i 1963 vart partiet for fyrste gong med i ei koalisjons-regjering med Høgre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. Regjeringa Lyng sat berre nokre veker, men før stortingsvalet 1965 gjekk Venstre til val på ei ny borgarleg koalisjonsregjering. Valet gav framgang for Venstre, for fyrste gong på lenge, og førte til danninga av den borgarlege samarbeidsregjeringa Borten.
På 1960-talet utvikla det seg etter kvart store spenningar mellom det ein kan kalla radikale og moderate fløyer i partiet. Dei radikale, som mellom anna var knytte til avisa Dagbladet og dominerte i Unge Venstre, var skeptiske til samarbeid med Høgre. Unge Venstre vedtok mot slutten av 1960-talet årvisse resolusjonar der dei oppmoda til å gå ut av Borten-regjeringa. Dei radikale var dessutan motstandarar av norsk medlemskap i EEC. Ny leiar fekk partiet i 1952 med Bent Røiseland, som høyrde til den moderate delen av partiet (som seinare stod sterkt bak deltakinga i Borten-regjeringa, òg til dels var sterke tilhengjarar av norsk EEC-medlemskap).
I 1964 tok Gunnar Garbo over som leiar.
Borten-regjeringa tok til i oktober 1965, og Venstre, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti var med frå starten.
Partileiaren gjekk av i 1970 etter eit dårleg valresultat ved stortingsvalet 1969. Ny leiar vart EEC-tilhengjaren Helge Seip. Då EEC/EF-striden tok av for fullt tidleg på 1970-talet engasjerte framveksande Venstre-politikarar seg sterkt på båe sider.
Den 25. september 1972 var det ei rådgivande folkeavstemming om norsk medlemskap i EU, som da heitte EF. (Nei-sida vann med 53,5 % av røystene.)
Etter folkerøystinga om medlemskap i EF (nåverande EU) I oktober 1972 gjekk Bratteli-regjeringa av etter folkeavrøystinga, og det vart danna ei rein nei til EF-regjering under Lars Korvald. Landsstyret i Venstre vedtok å gå med i Korvald-regjeringa, sjølv om fleirtalet (9 av 13) i stortingsgruppa var EF-tilhengjarar og gjekk imot deltaking i regjeringa. Resultatet vart det ekstraordinære landsmøtet på Røros. Etter at det vart klart at dei var i mindretal i Venstre drog ja-folka frå landsmøtesalen, leidde av Helge Seip og Bent Røiseland, den 11. november 1972. Dei danna seinare Det Nye Folkepartiet.
I det påfylgjande stortingsvalet 1973 vart stortingsgruppa redusert til to representantar. Året etter, i 1974, vart Venstre det fyrste partiet i Noreg som fekk ein kvinneleg partileiar, Eva Kolstad.
Etter at den moderate fløya hadde gått ut av partiet freista Venstre å markera seg klarare som eit sentrumsparti, som ikkje automatisk høyrde til korkje venstre- eller høgresida i politikken. Partiet styrkte òg ein grøn profil, miljøsaka vart den viktigaste einskildsaka. Ved stortingsvala i 1973, 1977 og 1981 gjekk Venstre til val utan å binda seg til eit særskilt regjeringsalternativ på førehand. Før stortingsvalet 1985 vedtok partiet for fyrste gong å gå til val på eit regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet. Ved dette valet ramla Venstre for fyrste gong heilt ut av Stortinget, og partileiaren, Odd Einar Dørum gjekk av.
I 1988 vart partiet slege saman igjen med dei gamle utbrytarane i Det Liberale Folkepartiet.
Før stortingsvalet 1989 plasserte Venstre seg på nytt i den borgarlege leiren, og gjekk til val på eit sentrum-høgre samarbeid. Venstre makta ikkje å koma tilbake på Stortinget før i 1993. Då vart Lars Sponheim vald inn på Stortinget frå Hordaland. Ved EU-striden før folkeavrøystinga i 1994 gjekk Venstre mot EU-medlemskap, men for EØS-avtalen.
Etter folkerøystinga om medlemskap i EU I 1996 vart Sponheim vald til ny leiar, og året etter gjekk Venstre til val med målsetjing om å delta i ei sentrumsregjering, saman med Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Ved stortingsvalet 1997 kom Venstre over sperregrensa med 4,5 % av røystene, og vart med i sentrumsregjeringa, som sat til 2000.
Ved stortingsvalet 2001 var målsetjinga under valkampen å gjenreisa sentrumsregjeringa, men alle tre sentrumspartia fekk tilbakegang ved valet. Etter valet gjekk Venstre og KrF inn i samarbeid med Høgre, og danna den andre Bondevikregjeringa. Partiet fekk berre to stortingsrepresentantar men fekk tre statsrådar i regjeringa.
Under valkampen i 2005 framheva Venstre partiet si nøkkelrolle for at Bondevikregjeringa skulle bli sitjande. Ved stortingsvalet 2005 fekk Venstre 5,9 % av røystene og ti representantar på Stortinget. Valresultatet var det beste for partiet sidan 1969. Regjeringa fall likevel, og Venstre gjekk i opposisjon.
Ved Stortingsvalet 2009 fekk partiet 3,9% av røystene, fall under sperregrensa, og måtte nøya seg med berre to mandat på tinget til 2013, eitt frå Oslo og eitt frå Akershus.
Trine Skei Grande vart ny leiar for partiet i 2010. I 2018 gjekk Venstre inn i regjeringa Solberg, der Framstegspartiet var med. Stortingsgruppe til partiet tok avgjerda, etter at landsstyremøtet stemte 24 for og 11 i mot deltaking i regjeringa.
Media Bladet Vesterålen var Venstre-avis i fleire månader i 1949. Fram til 1970-talet var Dagbladet, Bergens Tidende og fleire andre aviser nært knytte til Venstre.
Venstre dreiv ein tid nettstaden liberal.no, som i 2018 ikkje lenger var i drift.
Statsministrar frå Venstre Johan Sverdrup: 1883–1889 Johannes Steen: 1891–1893 og 1899–1902 Otto Albert Blehr: 1902–1903 og 1921–1923 Jørgen Løvland: 1907–1908 Gunnar Knudsen: 1908–1910 og 1913–1920 Johan Mowinckel: 1924–1926, 1928–1931 og 1933–1935.
Koalisjonsregjeringar som Venstre har vore med i Regjeringa Lyng: 1963 Regjeringa Borten: 1965–1971 Regjeringa Korvald: 1972–1973 Regjeringa Bondevik I: 1997–2000 Regjeringa Bondevik II: 2001–2005
Oppslutning mini|Oppslutninga om Venstre i dei ulike fylka ved stortingsvalet 2009. Venstre har tradisjonelt stått sterkast på Vestlandet, men dette ser ut til å vera i ferd med å endra seg. Ved dei siste seks stortingsvala før 2005 var Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal dei beste fylka for partiet. Ved stortingsvalet i 2005 vart for første gong Oslo det beste fylket til Venstre, med Akershus på andreplass, og dette gjentok seg òg i 2009. Dei to einaste stortingsrepresentantane til Venstre vart då valde inn frå Oslo og Akershus.
Oppslutning ved stortingsval 1906–2009 Årstal Prosent av røystene Tal stortingsrepresentantar 1906 45,4 % 73 1909 30,7 % 46 1912 40,2 % 76 1915 33,3 % 74 1918 28,3% 52 1921 20,1 % 37 1924 18,7 % 34 1927 17,3 % 30 1930 20,2 % 33 1933 17,1 %¹ 24 1936 16,0 % 23 1945 13,8 % 20 1949 13,5 %² 21 1953 10,0 % 15 1957 9,6 %² 15 1961 8,9 %² 14 1965 10,3 %² 18 1969 9,4 % 13 1973 3,5 %² 2 1977 3,2 %² 2 1981 3,9 %² 2 1985 3,1 % 0 1989 3,2 % 0 1993 3,6 % 1 1997 4,5 % 6 2001 3,9 % 2 2005 5,9 % 10 2009 3,9 % 2 2013 5,2 % 9 2017 % 8
¹ Omfattar fellesliste med Radikale Folkeparti i Hedmark. ² Venstre tok del i felleslister med eit eller fleire av partia Bondepartiet/Senterpartiet, Det Nye Folkepartiet, Høgre eller Kristeleg Folkeparti, dette talet er eit anslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.
Oppslutning ved fylkestingsval 1928–2007 Årstal Prosent av røystene 1928 10,0 % 1931 11,6 % 1934 11,6 % 1937 11,1 % 1945 8,0 % 1947 9,4% 1951 9,4% 1955 8,5 % 1959 8,9 % 1963 8,4% 1967 9,8 % 1971 8,5 % 1975 3,8 % 1979 5,3 % 1983 4,4 % 1987 3,3 % 1991 3,5 % 1995 4,7 % 1999 4,2 % 2003 3,7 % 2007 5,6 % 2011 5,7 % 2015 %
Partileiarar Johan Sverdrup: 1884 Ole Anton Qvam: 1884–1889 Johannes Steen: 1889–1893 Viggo Ullmann: 1893–1894 Ole Anton Qvam: 1894–1896 Viggo Ullmann: 1898–1900 Lars Holst: 1900–1903 Carl Berner: 1903–1909 Gunnar Knudsen: 1909–1927 Johan L. Mowinckel: 1927–1940 Jacob S. Worm-Müller: 1945–1952 Bent Røiseland: 1952–1964 Gunnar Garbo: 1964–1970 Helge Seip: 1970–1972 Helge Rognlien: 1972–1974 Eva Kolstad: 1974–1976 Hans Hammond Rossbach: 1976–1982 Odd Einar Dørum: 1982–1986 Arne Fjørtoft: 1986–1990 Håvard Alstadheim: 1990–1992 Odd Einar Dørum: 1992–1996 Lars Sponheim: 1996–2010 Trine Skei Grande: 2010–2020 Guri Melby: 2020–
Kjelder
Bakgrunnsstoff Dei offisielle heimesidene til Venstre Valresultat for Venstre i kommune- og fylkestingsvalet 2007 (NRK)
Litteratur Ottar Grepstad og Jostein Nerbøvik (red.) – Venstres Hundre År (Gyldendal, 1984)
Kategori:Norske politiske parti Kategori:Liberale parti Kategori:Sentrumsparti Kategori:Politiske parti skipa i 1884 Kategori:1884 i Noreg