Periferieininga Imathía (gresk Περιφερειακή ενότητα Ημαθίας, Periferiakí enótita Imathías) er ei periferieining i Hellas i periferien Sentral-Makedonía. Hovudstaden er Véria. Ho grensar til Kozáni i vest og sørvest, til Piería i søraust, til Pélla i nord og til Thessaloníki i aust. Deltaet til elva Aliákmonas dannar ei kort kystlinje mot Thermaikósbukta i aust.

Administrativ inndeling

Tidlegare var Imathía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i tre kommunar.

Periferieining Kommune Tidlegarekommune Postnummer Retningsnr Imathía Alexándria Alexándria 593 00 23330-2 Platý 590 32 2330-63 Melíki 590 31 23310-81 Andigonídes 591 00 23310-39 Náousa Náousa 592 00 23320-2 Anthémia 590 35 23320-41 Irinoúpoli 590 34 23320-4 Véria Véria 591 00 23310 Verjína 590 31 23310-92 Makedonída 591 00 23310-9 Dovrás 591 00 23310-51 Apóstolos Pávlos 590 33 23310-41

Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommune Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Véria Véria 43 158 42 508 Náousa Náousa 18 882 17 830 Alexándria Alexándria 14 821 15 042 Makrokhóri Véria 5 189 4 870 Melíki Alexándria 3 116 2 838 Kopanós Náousa 1 853 1 791 Platý Alexándria 2 083 1 658 Episkopí Náousa 1 623 1 610 Angelokhóri Náousa 1 701 1 575 Ájos Jeórjos Véria 1 763 1 474 Lianovérjo Alexándria 1 593 1 345 Patrída Véria 1 492 1 314 Loutrós Alexándria 1 277 1 248 Nisí Alexándria 1 379 1 220 Agathiá Alexándria 1 270 1 136 Tríkala Alexándria 1 415 1 124 Diavatós Véria 1 276 1 096 Verjína Véria 1 242 1 096 Klidí Alexándria 1 249 1 084 Stavrós Alexándria 1 229 1 064

Geografi Søraust i Imathía ligg Pieríafjella og i vest Vérmiofjella. Den lengste elva er Aliákmonas som renn i sør og aust. Reservoaret på elva strekkjer seg òg inn i Kozáni. Det lågaste punktet i periferieininga er ved Thermaikósbukta og det høgaste punktet er Vérmio i vest.

Historie Området rundt Imathía var først under makedonsk styre. I antikken omfatta Imathía Édessa og Aiges, den antikke hovudstaden i Berroia, Kitios og fleire andre.

Seinare vart Imathía annektert av Romarriket og i mellomalderen av Austromarriket og frå 1400-talet fram til balkankrigane i 1913 av Det osmanske riket. I motsetnad til dei sentrale og sørlege områda av Hellas vart periferieininga først ein del av Hellas under balkankrigane og etter traktatane frå Bucuresti og London. Folketalet eksploderte og fleire jordbruksområda vart utvida. Véria fekk elektrisitet og dei store vegane vart asfalterte. Under den gresk-tyrkiske krigen kom fleire flyktningar frå Litleasia til Imathía og bygde flyktningleirar og hus, og det vart grunnlagt fleire landsbyar.

Imathía vart hardt råka av den andre verdskrigen og den påfølgjande greske borgarkrigen. Imathía vart først eit prefektur i 1947 og Véria vart prefekturhovudstad. Fram til då hadde området høyrt til Thessaloníki prefektur. Frå 2010 er Imathía ei periferieining.

Jordbruk Jordbruket er i stor grad basert på fersken og jordbær. Syltetøyet Naousa er den mest kjende eksportartikkelen frå området.

Klima Imathía har hovudsakleg middelhavsklima med varme vintrar og kjølige vintrar. I dei sentrale og vestlege områda og i Vérmiofjella kan ein få nokså kjølige forhold om vinteren.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Imathia Prefecture» frå , den 4. september 2007.

Imathia

Imathia Imathia