Periferieininga Pélla (gresk Περιφερειακή ενότητα Πέλλης, Periferiakí enótita Péllis) er ei periferieining i Hellas i periferien Sentral-Makedonía. Hovudstaden er Édessa og ho grensar til Flórina i vest, Kozáni i sørvest, Imathía i sør, Thessaloníki i søraust, Kilkis i aust og nabolandet Nord-Makedonia i nord.
Pélla var tidlegare ein del av det store Thessaloniki prefektur fram til 1947, då dette vart delt opp i mindre prefektur, frå 2011 ei periferieining. Pélla er kalla opp etter den antikke byen med same namn.
Administrativ inndeling
Tidlegare var Pélla eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fire kommunar.
Periferieining Kommune Tidlegarekommune Postnummer Retningsnr Pélla Almopía Aridéa 584 00 23840-2 Exaplátanos 580 04 23840-4 Pélla Jannitsá 581 00 23820-2 Pélla 580 05 23820-3 Kýrros 581 00 23820-51 Megás Aléxandros 583 00 23820-43 Krýa Vrýsi 583 00 23820-6 Skýdra Skýdra 585 00 23810-8 Meniída 585 00 23810-41 Édessa Édessa 582 00 23810-2 Vegorítida 580 02 23810-31
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommune Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Jannitsá Pélla 29 789 28 759 Édessa Édessa 18 229 17 168 Aridéa Almopía 6 561 6 639 Skýdra Skýdra 5 406 5 686 Krýa Vrýsi Pélla 5 214 4 374 Pélla Pélla 2 398 2 050 Néos Mylótopos Pélla 1 983 1 828 Prómakhi Almopía 1 740 1 654 Galatádes Pélla 1 858 1 628 Karyótissa Pélla 1 779 1 605 Néa Pélla Pélla 1 510 1 275 Árnissa Édessa 1 411 1 242 Arséni Skýdra 1 396 1 241 Áthyra Pélla 1 524 1 234 Paléfyto Pélla 1 388 1 225 Kalí Skýdra 1 378 1 222 Sevastianá Skýdra 1 392 1 181 Loutráki Almopía 1 146 1 176 Aravissós Pélla 1 398 1 170 Exaplátanos Almopía 1 292 1 080 Axós Pélla 1 197 1 022 Sosándra Almopía 1 078 1 008 Ambelíes Pélla 1 159 1 003
Geografi
Nordlege og sørvestlege område av Pélla er dekte av fjell, særleg Vérmiofjella, Vórasfjella (Nidže) i nordvest og Páikofjella i nordaust. Dei sørlege områda er flate og i antikken var det ei bukt som hang saman med Egearhavet. Høgda er i dag om lag 5-10 meter over havnivå. Vegorítidasjøen ligg i sørvest.
Historie
Området rundt den moderne periferieininga Pélla var ein del av Makedonia i antikken. Det vart seinare ein del av Romarriket, og så Austromarriket og Det osmanske riket. Etter 500 år med tyrkisk styre starta den greske sjølvstendekrigen, men grekarane tapte alle slaga i området og Pélla vart først ein del av Hellas i 1913, etter balkankrigane. Økonomien og jordbruket i Pélla betra seg og det vart oppretta fleire jordbruksområde, medan vegsystemet vart utbetra. Under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 kom mange flyktningar frå Vesleasia i det moderne Tyrkia til området. Radio og bilar kom til landsbygda i 1950-åra, i tillegg til at vegane vart asfaltert.
Referansar
Bakgrunnsstoff Pélla på gtp.gr
Kjelde
Pella
Pella Pella