Periferieininga Tríkala (gresk Περιφερειακή ενότητα Τρικάλων, Periferiakí enótita Trikálon) er ei periferieining i Hellas i periferien Thessalía. Hovudstaden i periferieininga er Tríkala. Tríkala vart oppretta som eit prefektur i 1881 og Kardítsa vart skild ut i 1947. Tríkala ligg nordvest for byane Aten og Kardítsa, aust for Ioánnina og Métsovo, sør for Grevená, sørvest for Thessaloníki og vest for Lárisa. Av periferieiningar grensar Tríkala til Kardítsa i sør, Árta i sørvest, Ioánnina i vest, Grevená i nord og Lárisa i aust.

Administrativ inndeling

Tidlegare var Tríkala eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fire kommunar.

Periferieining Kommune Tidlegarekommune Postnummer Retningsnr Tríkala Metéora Kalambáka 422 00 24320-2 Khásia 422 00 24320-95 Malakási 422 00 24320-71 Tymféa 422 00 24320-92 Kastaniá 420 36 24320-88 Klinós 422 00 24320-31 Vasilikí 422 00 24320-91 Aspropótamos 421 00 24310-7 Pýli Pýli 420 32 24340-2 Gómfi 421 00 24310-62 Pialía 421 00 24310-52 Éthikes 420 32 24340-71 Pindéos 420 32 24340-93 Myrófyllo 420 33 24340-31 Neráida 420 37 24340-3 og -7 Tríkala Tríkala 421 00 24310-2 til 4 Paliókastro 421 00 24310-87 Estieótida 421 00 24310-71 Kallídendro 421 00 24310-94 Megála Kalývia 420 30 24310-43 Faloría 421 00 24310-85 Paralithéi 421 00 24310-96 Kóziakas 421 00 24310-93 Farkadóna Farkadóna 420 31 24330-2 Ikhalía 423 00 24330-31 Pelinnéi 421 00 24310-53

Geografi Tríkala inneheld ein del av Den thessaliske sletta i sør og aust. Píndosfjella dominerer i vest. Dei nordlege områda er òg fjellkledd. Den største elva, Piniós, renn i sør.

Historie Området rundt Tríkala var i antikken ein del av Kongedømet Makedonia, før romarane tok over. Seinare vart det styrt av Austromarriket, Stor-Vlakhia og til slutt Det osmanske riket. Under tyrkarane sitt styre vart området påverka av den greske sjølvstende krigen i 1881. Fleire landsbyar vart flytta for å halde seg skjult frå tyrkarane og området vart til slutt ein del av Hellas i 1881. Periferieininga inkluderte Kardítsa fram til 1947.

Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommune Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Tríkala Tríkala 61 653 61 608 Kalambáka Metéora 8 330 8 372 Ikhalía Farkadóna 2 357 2 115 Farkadóna Farkadóna 2 052 1 829 Pýli Pýli 1 873 1 792 Megála Kalývia Tríkala 1 849 1 596 Megalokhóri Tríkala 1 490 1 361 Grizáno Farkadóna 1 290 1 192 Vasilikí Metéora 1 375 1 185 Fíki Pýli 1 361 1 136 Kastráki Metéora 1 117 1 023 Pijí Pýli 1 227 986 Zárkos Farkadóna 1 247 957 Paleomonástiro Pýli 1 078 946 Gómfi Pýli 962 818

Referansar

Kjelde

Trikala

Trikala Trikala