Nes kyrkje er ei langkyrkje bygd i perioden 1100–1150 i Midt-Telemark kommune (tidlegare Sauherad) i Telemark. Kyrkja ligg på Neshaugen på neset Nesodden som stikk ut i Norsjø, om lag midt mellom Gvarv og Akkerhaugen. Ho er bygd i stein og har 170 sitjeplassar.

Ifylgje ei gammal segn var dei tenkt å byggje kyrkja på ein haug litt unna der kyrkja vart liggjande, og dei hadde frakta stein og tømmer dit til bygginga. Då dagen kom for å starte oppføringa fann dei ikkje vyrket der dei hadde lagd det, alt vart attfunne på Neshaugen. Det tok dei som eit teikn på at det var der kyrkja skulle liggje. Liknande segner finst om kyrkjer andre stader òg.

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Om Sauherad og Nes sokn på nettstaden til Den norske kyrkja

Kategori:Freda bygg i Telemark Kategori:Kyrkjer i Midt-Telemark Kategori:Kulturminne i Midt-Telemark Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kyrkjer i Øvre Telemark prosti Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme