mini|Åkra gamle kyrkje Åkra er eit sokn i Karmøy kommune i Rogaland fylke, som òg har vore ein eigen kommune. Dei aller flesta av innbyggjarane bur i tettstaden Åkrehamn/Veavågen.

Åkra sokn Soknet ligg på vestsida av øya Karmøy og høyrer til Karmøy prosti. Det har 7 908 innbyggjarar (2013). Den nørdste delen av soknet vart i 2012 utskild som Veavågen sokn.

Åkra kommune Åkra sokn var frå byrjinga ein del av Skudenes kommune, men vart i 1892 frådelt som ein eigen kommune, då med 1 962 innbyggjarar. I 1965 vart Åkra kommune med 6 008 innbyggjarar oppløyst og gjekk opp i den nyoppretta Karmøy kommune.

Kjelder Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)

Kategori:Tidlegare kommunar i Rogaland Kategori:Sokn i Stavanger bispedømme Kategori:Geografi i Karmøy Kategori:Historie i Karmøy Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1965